Hopp til innhold

Her vart det bom stopp...

Ein semitrailer har fått tekniske problem like etter rundkøyringa ved Førde hotell på E39. Det er passasje på staden.

Created by InfoDispatcher

STOPP: Traileren vart ståande like etter rundkøyringa ved Førde hotell. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

SISTE: Klokka 22.00 melder politiet at vogntoget må ha hjelp frå tungbilbergar for å komme seg frå staden.

– Ein trudde først at det let seg reparere ved å få ein mekanikar på staden. Men no har ein konkludert med at vogntoget må tauast vekk. Truleg kjem bergingsbil på plass i 23-tida, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Politiet fekk melding om at vogntoget stod fast like etter klokka 20.00.

– Politiet er på staden for å dirigere trafikken fram til vogntoget får hjelp, seier Holme.