Hopp til innhold

Her vart det bom stopp for sjåføren

På snøføre på Sognefjellet vart det bom stopp for sjåføren av den utanlandske semitraileren. Førebels har han takka nei til bergingshjelp.

Semitrailer med trøbbel på Sognefjellet

BOM STOPP: Den utanlandskregistrerte semitraileren kom seg hit men ikkje lenger på fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Foto: NRK-tipsar

Vinteren er komen på fylkesveg 55 over Sognefjellet, og med snødekke er det best å ha både dekk og kjettingar i orden. Det har fleire fått merke.

Brøytebilsjåfør Terje Weka kom tysdag kveld over ein utanlandskregistrert semitrailer som hadde fått problem på veg opp på fjellet på veg frå Gaupne til Sunndalsøra.

– Då eg snakka med han ville han ikkje ha hjelp, seier Weka til NRK.no.

Sognefjellet er nattestengd, og onsdag morgon stod semitraileren akkurat på same plassen. Ifølgje Weka skal sjåføren ha fått problem rett etter at bilen kom inn på den delen av vegen som er dekt av snø. Semitraileren var skodd med nye og gode vinterdekk, men hadde ikkje kjettingar på.

Den kjem seg ikkje derifrå utan bergingshjelp, men ifølgje bergingsselskapet har sjåføren og firmaet førebels sagt dei ikkje vil ha hjelp, fordi det er for dyrt.

Dermed blir bilen førebels ståande. Den skal stå i den eine køyrefeltet, og det er passasje på sida av bilen. Ifølgje operasjonssentralen hos politiet gjer dei ikkje noko i slike situasjonar så lenge bilen ikkje er til hinder for trafikken.

Det er venta at Sognefjellet vil stengje for vinteren i løpet av dei nærmaste dagane.

Lastebil på tvers

Og det var fleire med problem på fjellovergangen onsdag. Ein norskregistrert lastebil fekk problem på veg oppover, og like før klokka 11 onsdag sende Vegtrafikksentralen ut melding om at vegen er stengd grunna bilberging.

Brøytesjåfør Terje Weka, som er på fjellet, seier at sjåføren skal ha brukt kjettingar, men lastebilen hadde ikkje lass og var difor ganske lett. Bilen skal ha sklidd bakover og vart ståande på tvers i vegbana.

Klokka 13 har mannskap sanda i området rundt bilen, og den er no på veg ned att mot Sogn.

Lastebil kom seg ikkje opp på Sognefjellet

FEKK PROBLEM: Lastebilen skal ha hatt kjettingar, men fekk problem på veg opp på Sognefjellet onsdag føremiddag.