Hopp til innhold

Her vart dei to mennene brått overraska av dårleg vêr

Dårleg vêr overraska to menn på fjelltur, og Røde Kors måtte trå til for å hjelpe.

Overraska av dårleg vêr

Dei to mennene i slutten av tenåra var på tur til Frudalshesten i Sogndal då dei i 14.30-tida måtte be om hjelp på grunn av vêret.

Ein redningsaksjon var sett i verk og 14 personar frå Røde Kors deltok samt ei politipatrulje. Også helikopter vart vurdert i redningsaksjonen, opplyser politiet.

Men heldigvis for dei to unge karane vart vêret betre og dei klarte sjølv å kome seg ned frå fjellet. Dei var nede klokka 16.54.

– Begge to skal vere i god form, fortel Kjetil Drange ved politiets operasjonssentral i Florø.