NRK Meny
Normal

Her var det svært glatt i morgontimane

Måndag morgon opplevde fleire at det var svært glatt på vegane. Vegtrafikksentralen i Lærdal fekk inn fleire meldingar om at det var spesielt glatt i Fjaler.

Ein semitrailer måtte i morgontimane ha hjelp av bilbergar etter å ha fått problem på glatta og hamna i grøfta.

GLATT VEGBANE: I morgontimane måndag fekk denne semitraileren trøbbel med føret og måtte bergast.

300 meter frå avkøyring til Straumsneset på 607 i Fjaler fekk ein semitrailer problem på glatta og hamna i grøfta i morgontimane.

– Bilbergar er på staden, og då eg snakka med han klokka 10.50 rekna med å bruke ein god halvtime på å dra semitraileren opp av grøfta, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Semitraileren som har fått problem er tom, men bilbergaren har meldt tilbake til Vegtrafikksentralen at han må slepe den opp av grøfta i to operasjonar.

Semitraileren er no fjerne og det er no fri passasje på fylkesveg 607 i Fjaler.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.