Hopp til innhold

Her var det så glatt at sjølv politiet trengde hjelp til å stå

Vegane i Bremanger var torsdag morgon så glatte at teneststadleiar Espen Gulliksen i politiet måtte ha hjelp til å fote seg for å stogge trafikken.

Vogntog i grøfta i Svelgen

I GRØFTA: Først køyrde ein lastebil seg fast i bakkane ned mot Svelgen. Då den kom seg opp frå grøfta vart dette utanlandske vogntoget det neste til å køyre seg fast. – Slikt vedlikehald er ikkje haldbart. Det er skandaløst, seier bussjåfør Are Håkon Aarseth.

Foto: Politiet

For andre gang på ei veke var det kaotiske tilstandar på vegane i Bremanger.

– Det var så glatt at eg måtte ha hjelp til å stå oppreist. Eg såg bilar som skulle stogge for køen, men som segla rett i autovernet. Det var null friksjon, seier Gulliksen.

– Uforsvarleg å sleppe trafikken

Espen Gulliksen, lensmann Bremanger

ANDRE GANG: For andre gang på ei veke reagerer tenestestadleiar for politiet, Espen Gulliksen, på vintervedlikehaldet i Bremanger. – Dei tilfella i dag og i førre veke, så er det ikkje dårlege dekk, manglande kjettingar eller dårleg utstyr.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Fylkesvegen mellom Ålfoten og Svelgen var berre ein av vegane der bilistar fekk store problem med å komme seg fram i morgontimane.

Vêromslaget siste tida, med vekslande snø, regn og frost gjorde at både Vegtrafikksentralen og politiet åtvara mot krevjande køyreforhold i heile Ytre Fjordane.

Berre i Svelgen stod 70–80 bilar i kø for å køyre ned bakkane til Svelgen. I løpet av eitt par timar var vegen stengd i to periodar.

– Det var ekstremt. Vi stengde vegen fordi det var uforsvarleg å sleppe trafikken ned, seier Gulliksen.

Hjartet i halsen

Også bussjåfør Are Håkon Aarseth skildrar ein krevjande tur rå Davik til Svelgen i dag.

– Det er ikkje ofte eg sit med hjartet i halsen. Det gjorde eg i dag. Det var såpeglatt, seier han og er kritisk til at vegen ikkje var strødd med sand.

Gulliksen seier seg samd.

– Dette kunne og burde vore unngått. Når folk reiser på jobb i 07-08-tida om morgonen og møter skøyteisen, så skulle vi ynskt at det i alle fall var strødd i dei verste bakkane.

– Det har vore utfordrande vêr det siste døgnet. Ofte når det kjem mildvêr er det slik at det ein strør med ikkje sett seg godt fast, så vegen vil likevel vil vera glatt. Det er beklageleg at det er glatt nokre plassar, men entreprenøren gjer så godt dei kan og har alt mannskap ute, seier Svenn Egil Finden, avedelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Birger Lundekvam

BUSSJÅFØR: Birger Lundekvam stod opp ein halvtime tidlegare enn vanleg for å legge kjettingar på bussen. Det var likevel ikkje godt nok på glatta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tok ikkje sjansen

Såpeglatt på fylkesveg 422 mellom Osen bru og Hjelmeland

KAOTISK: Fleire bilar fekk problem i bakkane frå Osen bru til Hjelmeland på fylkesveg 422 i Gaular.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bussjåfør Birger Lundekvam skjønte teikninga og stod opp ein halvtime tidlegare enn vanleg. Men sjølv med kjettingar tok han ikkje sjansen på å køyre ned bakkane på fylkesveg 422 mellom Hjelmeland og Osen bru i Gaular.

– Det har aldri vore så glatt som dette, seier han etter å ha venta i over to timar. Elevane i bussen tok beina fatt.

– Dei gjekk opp att og vart henta av besteforeldre, seier Lundekvam.

– Verste eg har sett

Guro Mjanger

BURDE SNUDD: Guro Mjanger vedgår at ho burde snudd køyrd ein annan veg til jobb i Førde.

Foto: Marita Solheim / NRK

Guro Mjanger frå Holmedal er ein av mange pendlarar som dagleg køyrer den same strekkja til jobb.

– Det gjekk heilt greitt til eg kom til Osen. Då vart det plutseleg klink is, seier ho.

– Eg burde forstått at det ikkje var så lurt å køyre opp her, og så snudd og køyrt ein annan veg til Førde. Det er det verste eg har sett vegen når eg har køyrt sjølv, seier ho.