Hopp til innhold

Her var det fire timar ventetid

Bilistar som skulle over Filefjell torsdag kveld måtte belage seg på å vente. Lenge. Klokka 19.30 var ventetida rekna til fire timar frå aust.

Kø på Filefjell

KØ: Det har vore lange køar for å kome seg over Filefjell heile torsdag. Dette biletet er teke i føremiddag.

Foto: NRK-tipsar

- Det er mange har stått i heile dag og venta, så køa har blitt lang. På Borlaug er det derimot mykje betre, her er det så vidt ventetid for å kome over Filefjell, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal klokka 19.30.

Uvêret herjar

Det har dei siste dagane vore store problem på vegane i Sogn og Fjordane. I tillegg til at ras og rasfare har stengd fleire vegar, har også flaum og uvêr prega trafikkbilete.

Torsdag kveld er det stengd på Hol-Aurland, og Tyin-Årdal i tillegg til Vikafjellet.

Kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet

SNØFOKK: I 20-tida torsdag kveld skal vêret ha roa seg på Hemsedalsfjellet. Vermeldingane fortel om meir styggevêr utover kvelden og natta.

Foto: NRK-tipsar

Kolonne også på Hemsedalsfjellet

Styggevêret herjar også Hemsedalsfjellet der det er kolonnekøyring.

Folk på veg over Hemsedalsfjellet fortel at vêret har roa seg i 19.30-tida, men at det er venta at vêret skal bli verre utover kvelden.

Klokka 22.40 vart riksveg 52 over Hemsedalsfjellet stengd for køyrety under 7,5 tonn. Køyrety over 7,5 får køyre over fjellet i kolonne.

Riksveg 15 over Strynefjellet har vore stengd sidan måndag, men opna i ettermiddag for kolonnekøyring. Torsdag kveld er vegen opna for trafikk.

Har opna fleire vegar

Fleire mindre vegar som har vore stengde lenge grunna ras er torsdag kveld opna att. Dette gjeld mellom anna:

  • Fylkesveg 615 Storebru - Sandane (Hyen-Hestnesøyra)
  • Fylkesveg 13 Gaularfjell, ved Mel
  • Fylkesveg 453 Klakegg - Fonn, ved Veiteberg

SJÅ OVERSIKT OVER VEGANE HER