Hopp til innhold

Her var det 21,4 kuldegrader i natt

Vinterkulden har teke eit hardt grep om Sør-Noreg i natt. Grotli i Oppland var den kaldaste staden i natt.

Utsikt mot Skridulaupen

KALDT: På Grotli, på austsida av Strynefjellet i Oppland, har Kong vinter alt festa grepet både på bakken og i lufta. Her ser vi utsikta mot fjellet Skridulaupen søndag morgon.

Foto: Skjåk hytteservice, webkamera

Eit høgtrykk over Sør-Noreg har gitt oss nokre flotte haustdagar, men som dei fleste medaljar har den ei bakside. I dette tilfellet: sprengkulden.

Hos Vêrvarslinga på Vestlandet kan dei fortelje om ei svært så kald natt fleire stader i kongeriket. Utanom 21,4 minusgrader på Grotli, som ligg på austsida av Strynefjellet, registrerte også målestasjonen på Filefjell tjuetalet på gradestokken i natt. Her vart det målt minus 21,2 grader. Ikkje langt bak kom Bjorli i Oppland med minus 18 og Sognefjellshytta og Finse med begge 16,8 kalde grader.

– Det er kaldt for årstida i Sør-Noreg. Men det er ikkje uvanleg at vi i slutten av oktober kan få så låge temperaturar når det så lite skyer på himmelen som no, seier statsmeteorolog Gitte Flesland hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Kaldt også på kysten

Ho forklarar det fine vêret og dei låge temperaturane med eit høgtrykk som har plassert seg omtrent midt over Sør-Noreg.

Oversikta frå meteorologen fortel og om blå temperaturar i låglandet fleire stader. På Voss var det klokka 05 søndag morgon seks minusgrader. På flyplassen i Sogndal viste gradestokken åtte minusgrader.

Turistar på veg til byfjellet Aksla

VAKKERT, MEN KALDT: I Ålesund viste gradestokken minus ei grad søndag morgon, noko som rimeleg kjøleg ute på kysten. Desse engelske turistane set likevel pris på godvêret.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Også langs kysten, der det normalt plar vere ein god del mildare, vart det også målt minusgrader fleire stader. På Sola lufthamn ved Stavanger viste gradestokken minus fire grader klokka 05. Det same målte stasjonen på Ørlandet i Trøndelag. I Kristiansund var det minus to grader. Elles så ligg temperaturane så vidt over null grader langs vestlandskysten.

Åtvarar mot vanskelege køyreforhold

Søndagen byr på fint vêr i heile Sør-Noreg. Men i løpet av måndag kveld er vi, ifølgje meteorologen, på veg tilbake til normalen. Då kjem skyene tilbake og ein front med mildvêr og nedbør kjem først innover Vestlandet. Nedbøren vil nå land kanskje alt natt til tysdag og breie seg over fjellet slik at den også når austlendingane. På Vestlandet vert det regn i låglandet, men i fjellet og på Sør- og Austlandet kjem nedbøren som snø i første omgang.

– Det kan verte vanskelege køyreforhold på grunn av at nedbøren vil fryse på den kalde bakken. Vi vurderer no om vi skal sende ut eit varsel om dette i løpet av dagen, seier statsmeteorolog Gitte Flesland.