Hopp til innhold

Her triksar hjorten med hoppeball

Det er ikkje sjeldan familien har hjortebesøk i hagen. Men denne gongen fanga dei eit heilt spesielt augneblikk på video!

Hjort hoppeball

HOPPEBALL: Hjorten hadde litt av ein ballkontroll. Faktisk likte den ballen så godt at den tok den med seg inn i skogen.

Foto: Ørjan Andenæs

– Eg skulle berre ut med ei bleie då eg såg at dissa bevegde seg, seier Ørjan Andenæs i Florø.

Hjorten tok nemleg for seg fleire av leikene utanfor huset hans før han fann hoppeballen.

– Han prøvde å dytte på dissa. Så gjekk han inn i hagen og var innom sandkassa ein tur før han gjekk bort til hoppeballen, seier Andenæs.

Sjå videoen:

Sjå hjorten leike med hoppeballen

TRIKS: Denne hjorten kom på besøk til familien Andenæs i Florø. Den viste fram sine triksekunster, og det heile blei fanga på video.

Han fortel at det ofte er hjort innom i hagen deira, men aldri før har han sett at dei tek for seg leikene til ungane.

Filmen syner berre litt av aktiviteten. For hjorten leika med ballen i lang tid. Sidan har ikkje ungane til Andenæs sett noko til hoppeballen sin.

– Han tok med seg ballen ned i skogen, så eg veit ikkje kor den er hen no, seier Andenæs.

hjort, hoppeball

FLORØ: Familien bur på ein skjerma stad i Florø, der det ofte er hjort innom.

Foto: privar