Her testar dei det som kan bli framtidas legevakt

SVELGEN (NRK): Folk i Bremanger som blir sjuke nattetid får no treffe legevakta via ein skjerm. – Ei digital legevakt kan bli framtida også andre stader i landet, trur kommunalsjef.

Inger Lise Langedal testar legevaktsatelitt

KOPLAR OPP: På denne skjermen får sjukepleiar Inger Lise Langedal kopla opp legevakta i Førde.

Foto: Seline Larsen / NRK

I eit rom på omsorgssenteret i Svelgen er nødvendig utstyr på plass, som blodtrykksapparat, temperaturmålar og ein stor tv-skjerm. Her kan pasient og sjukepleiar snakke med lege på vakt.

– No må vi berre få inn første pasienten, så vi blir blir litt varme i trøya, smiler sjukepleiar Inger Lise Langedal.

Som ein av få kommunar i landet testar Bremanger kommune no ei heilt ny legevaktordning. Pasientar som treng å sjå legevakta mellom kl. 22 og kl. 08 får frå denne veka treffe legen på videolink. Ein sjukepleiar på vakt tek imot pasienten og hjelper til med undersøkingar.

Anita Brevik og Inger Lise Langedal, Bremanger kommune

- NYBROTSARBEID: Prosjektleiar Anita Brevik (t.v.) meiner legevaktsatelitten Bremanger no testar ut, er nybrotsarbeid. Sjukepleiar Inger Lise Langedal er ein av fleire tilsette som skal ta imot pasientar.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Det er spennande og utfordrande, seier Langedal.

– Nybrotsarbeid

I alt fem kommunar i Sogn og Fjordane er med i pilotprosjektet i regi av Helsedirektoratet. Eit liknande prosjekt er også på gang i Møre og Romsdal.

Over tre år skal legevaktordninga på videolink, såkalla «legevaktsatelitt», prøvast ut.

– Det er nybrotsarbeid, seier Anita Brevik, som er prosjektleiar i Bremanger kommune.

Det er legevaktsentralen i Førde som tek imot telefonar og sorterer kvar pasientane skal. Nokre tilfelle er så alvorlege at dei bør sendast rett til sjukehus, nokre kan vente til dagen etter, mens andre får legevakt-time via tv-skjermen i Svelgen omsorgssenter.

– Vi håpar å byggje opp eit godt tilbod for innbyggjarane våre. Er det nødvendig, skal sjølvsagt turen fortsetje til sjukehus, seier Brevik.

Høg vaktbelastning

Nærare 40 kommunetilsette er blitt kursa for å kunne jobbe med legevaktsatelitten.

– No jobbar stort sett alle sjukepleiarane med den eldre generasjonen, det blir spennande å møte også den yngre garde, seier Langedal.

Legane i Bremanger kommune har til no dekt alle vakter heile døgnet.

– Vi har over tid hatt utfordringar med å rekruttere legar og vi har hatt høg vaktbelastning. Dette prosjektet passa godt inn i våre mål, seier kommunalsjef for helse og omsorg Randi Ytrehus

Randi Ytrehus, kommunalsjef Bremanger

VIL REDUSERE VAKTBELASTNINGA: Kommunalsjef Randi Ytrehus har stor tru på legevaktmodellen. Bremanger kommune har hatt høg vaktbelastning på eigne legar, dette trur Ytrehus no vil bli betre.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi er ein langstrekt kommune. Skulle vi sentralisert legevakta ville det blitt langt for innbyggjarane våre å reise for å få legekonsultasjon. Å få ein satelitt forkortar reisetid og gir eit lokalt tilbod sjølv ved sentralisering, legg kommunalsjefen til.

– Kanskje kan dette bli noko som blir framtida andre stader i Noreg.

Gode erfaringar

Den første satellitten opna i Balestrand kommune tidlegare i haust. 1. november kjem Askvoll etter, og 1. desember blir det opna satelittar i Høyanger og Hyllestad.

Vi ser i heile Noreg at det er stader som har lang utrykkingstid til legevakt. Dette er ein måte å få legevakta litt nærare der folk er, seier Gry Elise Albrektsen, som er prosjektleiar i Sogn og Fjordane.

Prosjektet går fram til seinsommaren 2022, og skal evaluerast etter dette. I Balestrand har tilbodet no vore i drift i ein månad.

– Vår erfaring er at dette fungerer over all forventing, seier Albrektsen.

Lækjarvakt Bremanger

TAR IMOT PASIENTAR OM NATTA: Mellom kl. 22 og kl. 08 blir pasientar som treng å treffe legevakt, bedne om å møte i legevaktsatelitt-rommet ved Svelgen omsorgssenter.

Foto: Benedikte Grov / NRK