Hopp til innhold

I denne banken tener kvinner like mykje som menn

FØRDE (NRK): Sparebanken Sogn og Fjordane klarer å gje same løn til kvinner og menn, trass at dei er i ein verstingbransje.

Delar av leiargruppa i sparebanken

DELAR AV LEIARGRUPPA: Frå venstre, kommunikasjonssjef Johanne Sandnes Viken, leiar forretningsstøtte Silje Mari Sunde, HR-direktør Eirik Rostad Ness, direktør på privatmarknad Linda Vøllestad Westbye, kredittdirektør Gro Skrede Mardal og administrerande direktør Trond Teigene.

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

– For meg personleg er det veldig viktig å jobbe ein plass der likestilling er i fokus, seier Johanne Viken Sandnes, avdelingsleiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ein arbeidsplass med likeløn mellom kvinner og menn er framleis ikkje norma her til lands. I 2017 låg kvinners median- og gjennomsnittsløn på høvesvis 93 prosent og 86,7 prosent av løna til menn.

She Index har nyleg undersøkt korleis det står til med likestillinga i dei største norske bedriftene i Noreg. Sparebanken Sogn og Fjordane kjem godt ut med sin femteplass.

– Vi har lenge jobba systematisk med kjønnsbalanse og likestilling, og vi er stolte over femteplassen på denne indeksen, seier administrerande direktør, Trond Teigene.

Likestilling er ikkje finansnæringa sin styrke. Kvinner i finansbransjen tener nemleg 18 prosent mindre i snitt enn sine mannlege kollegaer. Ifylgje nestleiar i Finansforbundet, Bente Hornsrud Espenes, er det svært dårleg samanlikna med andre næringar.

– Vi står nok kanskje blant dei dårlegaste. Kanskje er vi til og med dårlegast, seier ho.

Og det trengst langsiktige løysingar for å betre på situasjonen.

– Her finst ingen «quick fix». Dette må vi jobbe med saman, både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, seier Espenes.

Ord til handling

Kvikk eller ei, i Sparebanken Sogn og Fjordane har dei funne ein veg til likeløn – og likestilling. Fire av ni i leiargruppa er kvinner.

– Dei fleste vil seie at likestilling og mangfald er viktig. Men det er eit stykke frå å ynskje det velkomen og faktisk gjere noko med det. Det handlar om å gjere ord til handling, seier banken sin administrerande direktør, Trond Teigene.

Fleksibilitet var viktig for kredittdirektør Gro Skrede Mardal. Ho har jobba i sparebanken i over 20 år. Ho har gått gradene til leiarstillinga ho no har.

– Eg har fått moglegheita til å tilpasse privatlivet til jobben. Med tre ungar så fekk eg ei rolegare stilling. Den fleksibiliteten som banken gjev har vore grådig viktig, seier Mardal.

Den gode plasseringa på årets She Index gir ein giv til vidare arbeid med likestilling i banken.

– Dette blir ikkje ei kvilepute. No skal vi jobbe vidare. Dette er motivasjon for oss til å jobbe endå betre, seier administrerande direktør, Trond Teigene.

Og dersom ein ikkje lukkast slik Sparebanken Sogn og Fjordane har, så har næringa eit problem.

– Då risikerer vi å kome dit at kvinner ikkje ser vår næring som attraktiv å jobbe i. Det ynskjer vi ikkje. Vi meiner at ein god kjønnsbalanse bidreg både til innovasjon og rein verdiskaping i bedriftene, seier Bente Hornsrud Espenes i Finansforbundet.

Bente Hornsrud Espenes i Finansforbundet

VERSTINGBRANSJE: Bente Hornsrud Espenes i Finansforbundet seier bransjen ho representerer er blant dei dårlegaste på likestilling, men at det har blitt betre dei siste åra.

Foto: Finansforbundet