NRK Meny
Normal

Her tek siste bil farvel med Fjord1

På sjølvaste nyttårsaftan køyrde siste bil av ei Fjord1-ferje ved Lavik-Oppedal-sambandet. Frå midnatt tok Norled over. – Litt vemodig, vedgår kapteinen på siste tur.

For siste gong køyrer ein bil av ei Fjord1-ferje ved Lavik på Lavik-Oppedal-sambandet.

SISTE GONG: For siste gong køyrer ein bil av ei Fjord1-ferje ved Lavik ferjekai på Lavik-Oppedal-sambandet. Foto/redigering: Marit Bendz

Klokka 20.00 onsdag kveld forlèt «MF Lifjord» Oppedal, med kurs mot Lavik, for aller siste gong. Kaptein Jan Gunnar Rysjedal var mannen som fekk æra, medan fyrverkeri vart skote opp frå land.

– Vi avslutta Fjord1 sitt hegemoni i Lavik klokka 20.20. Det er litt vemodig å byte arbeidsgjevar etter så mange år, men slik er det med ferjeanbod, så det får gå, seier han.

Drog i Fjord1-fløyta for siste gong

Då dei nærma seg Lavik drog kapteinen i skipsfløyta ein siste gong og så var det slutt. Berre to køyretøy var med på siste tur, ein tankbil og deretter ein personbil.

I bilen sat Laila og Bill Karmann som var på veg heim til Florø frå Bergen. Ikkje visste dei at det var siste Fjord1-tur, men dei hadde likevel ikkje så mykje å seie på det.

– Men eg vil ha ferje her, sa Laila.

Bill lurte på om ferjekortet no vart ubrukeleg på Norled si ferje. Det kan kaptein Rysjedal avkrefte.

– Ferjekorta er felles, så det kan ein bruke på alle ferjer i Norge, både hos Fjord1 og Norled. Men når ein skal fylle på igjen må ein gjere det hos same operatør som ein kjøpte kortet hos, elles må ein kjøpe nytt, avklårar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Gunnar Rysjedal - kaptein på Lifjord siste Fjord1 tur frå Oppedal

VEMODIG: Kaptein Jan Gunnar Rysjedal styrer ferja trygt til kai i Lavik, for siste gong for Fjord1.

Foto: Marit Bendz / NRK

Frå Fjord1 til Norled

Ved midnatt tok Norled over, då ved kaptein Helge Andersen som tok første tur frå Oppedal. Berre éin passasjer fekk æra, nemleg trailersjåfør Stian Birkeland. Saman med resten av mannskapet vart også dei heidra med fyrverkeri frå land.

Regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker, er glad for å ha komme i gang.

– Det kjennest godt. Vi har jobba hardt med dette i lang tid, spesielt dei siste vekene, så det er godt å vere i gang, seier han.

Arbeidet har blant anna gått ut på å lære opp nytt mannskap, i tillegg til dei kring 50 som har blitt med over til Norled, noko Utåker er svært glad for. No er den nye ferjekaia på Lavik teke i bruk, men nyekaia på Oppedal får stå i fred fram til den batteridrivne ferja «MF Ampere» er i rute. Ferja er venta å komme til Lavik-Oppedal om nokre veker.

(Artikkelen held fram under biletet)

Første Norled-passasjer Oppedal

FØRSTE PASSASJER: Trailersjåfør Stian Birkeland vart første og einaste passasjer med førstereisa til Norled frå Oppedal ved midnatt. Her saman med billettør Linn Solheim.

Foto: Norled

Sjefen på plass på ferja

Ved avgang klokka 09.00 frå Lavik var Utåker på plass på «MF Stavanger» som er ein av dei to ferjene Norled trafikkerer med. Den andre er døypt om til «MF Oppedal».

– No har eg akkurat kjøpt meg ei svele, fortel han.

kaptein Helge Andersen Norled første ferjetur Oppedal-Lavik

FØRSTEREISA: Kaptein Helge Andersen på MF Oppedal frå Oppedal. For første gong er det Norled som trafikkerer sambandet.

Foto: Norled

For både svele og kaffi går det framleis an å få kjøpt seg, noko mange kanskje er mest opptekne av. Men sjølv om dei viktige elementa framleis er på plass er det mykje som skal passast på når ein ny operatør tek over eit samband.

– Eg er her for å helse på tilsette som er nye i vår uniform og for å sjå korleis det går. Førebels ser det veldig bra ut, sjølv om berre seks bilar er med på denne turen. Det har nok meir med datoen å gjere enn at vi har overteke sambandet, seier Utåker og ler.

– Hurtig sceneskifte

Denne turen er også kaptein Jan Gunnar Rysjedal sin første tur for Norled.

– Det er hurtig sceneskifte, ja. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare det, men det er litt merkeleg, seier han.

Likevel er han positiv og klar for å gjere ein innsats for sin nye arbeidsgjevar. No ventar han spent på batteriferja som skal komme.

– Det er ny teknologi, så det er klart det er spennande.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.