Hopp til innhold

Her tek ho verdsrekorden russarane ville nekte ho

Russarane meiner øvinga ikkje passar for kvinner, men i helga sette Beate Kårstad Støfring frå Jølster ny verdsrekord i den tøffaste øvinga i kettlebell.

Under NM i Moss tok Beate Kårstad Støfring frå Jølster ny verdsrekord i den tøffaste øvinga i kettlebell.

REKORD MED KNAPP MARGIN: Her kan du sjå dei siste løfta før Beate Kårstad Støfring kan sleppe jubelen laus.

Under NM i kettlebell i Moss greidde ho 111 repetisjonar på 10 minutt med to 16 kilos kettlebell-kuler. Det var ein repetisjon meir enn den førre verdsrekorden og sjølvsagt nok til å sikre ho gullet.

– Eg kunne ikkje vore meir nøgd. Eg har ein pose med sjokolade klar som eg skal feire med, seier Støfring like etter konkurransen.

Russarane dikterer det meste

Ho har gjort store framsteg sidan ho byrja å løfte for berre eitt år sidan. Det neste målet er å ta ein ny verdsrekord i desember. Då med to 24 kilos kuler. Ei amerikansk kvinne har rekorden med 38 repetisjonar, Støfring vil greie 50.

I NM var maksvekta 16 kilo, ei vekt ho har slutta å trene med. Også her er det russarane som dikterer vilkåra.

– Det blir liksom for høg belastning for jentene, men gutane får lov til å løfte langt tyngre, det er liksom ingen problem. Det synst eg er heilt latterleg, seier Støfring.

I VM får jentene av same årsak berre løfte med ei kule. Argumentasjonen heng att i fortida, men den eigentlege årsaka er langt meir utspekulert, trur ho.

– Det har litt med at russarane skal vere best. Dei har ikkje så mange jenter som er gode med to kuler, difor trur vi at dei ikkje vil at jentene skal få løfte det same som gutane.

Håpar å halde fram «down under»

I «jenteøvinga» snatch gjorde Støfring det også sterkt. Her gjeld det å løfte ei 16 kilos kule rett over hovudet så mange gonger du greier, fem minutt med kvar arm. Her greidde Støfring 154 repetisjonar, noko som gjer ho kvalifisert seg til VM i november.

– Men eg har ikkje bestemt meg for om eg skal vere med på det, seier Støfring.

No skal ho trene hardt fram til ho jul. Då reiser ho til Australia på studiar.

– Eg håpar eg får løfta i Australia. Trenaren har sagt han vil reise ned for å hjelpe meg i to veker, dersom eg tek verdsrekorden. Så det er målet mitt no, seier ho.