Hopp til innhold

Her tar ordføraren første spadetak

Etter fem månader med bompengering starta i dag arbeidet med det som blir det første prosjektet i Førdepakken.

Ordførar Olve Grotle tar første spadetak

SATS: Ordførar Olve Grotle må ta god fart når han tar første spadetak på ein hard grusplass.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Eg er veldig glad for at vi no er i gang med arbeidet, seier ordførar i Førde, Olve Grotle, etter å ha tatt første spadetak midt på ein grusplass.

Det første som skal gjerast er å utbetre det ulykkesutsette Bergum-krysset på riksveg 5. Det nye krysset vest for Førde sentrum skal mellom anna ha rundkøyring, og skal stå ferdig neste sommar.

Utdatert kryss

Svenn Egil Finden, Statens vegvesen

VIKTIG: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen meiner trafikksikkerheita i Førde vil bli mykje betre etter kvart som arbeidet med Førdepakken går sin gang.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Svenn Egil Finden frå Statens vegvesen fortel at Bergumkrysset per i dag er uoversiktleg og utdatert. Men at det kjem til å bli mykje betre for mjuke trafikantar når rundkøyringa kjem.

–Det arbeidet vi startar med i dag er viktig, for dette krysset er slett ikkje så godt i dag, seier han.

LES OGSÅ: No kan det bli bomring også i Florø

Bergumkrysset

Dette er det ulukkesutsette Bergumkrysset. Her skal det bli rundkøyring neste sommar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Hadde håpa å starte før

Bompengane som skal finansiere 20 prosjekt i og rundt Førde, vart innført i oktober, men først no kan anleggsarbeidet med samferdsleprosjektet starte.

– Vi hadde håpa å starte arbeidet samtidig med at vi byrja å krevje inn bompengar. Det klarte vi ikkje å få til, men no er vi i gang, og det kjem til å skje så mykje dei neste åtte åra at det blir vanskeleg å kjenne igjen byen, seier Grotle ivrig.

Fleire prosjekt

Ordføraren er usikker på når han får ta første spadetak på eit nytt prosjekt, men nemner likevel to av prosjekta som er på trappene.

– Samstundes med at vi er i gang med eit fjordvarmeprosjekt, skal vi snart i gang med eit gang- og sykkelprosjekt i Førde sentrum, også vil det gå slag i slag dei neste åtte åra, seier Grotle.

Mykje arbeid i tida framover

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier dei vil ta omsyn til at folk skal pendle til å frå jobb, men at folk må bu seg på at det kjem til å bli ein del anleggsarbeid i tida framover.

– Det er fint om folk kan køyre forsiktig og ta omsyn til at vi jobbar i området her. Og elles kan folk følgje med på vegvesen.no for å få vite når det blir korte stengingar av veg i samband med arbeid, seier Finden.