Hopp til innhold

Her tar ordføraren det første spadetaket på nytt fjordvarmeanlegg

Måndag tok ordførar Olve Grotle det første spadetaket på det som skal bli til eit av landets største fjordvarmeanlegg. Han meiner anlegget vil gjere Førde meir miljøvennleg.

Første spadetak på fjordvarmeanlegg i Førde

145 MILLIONAR: Fjordvarmeanlegget har vore under planlegging i fem år og skal etter planen koste 145 millionar kroner.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det var veldig spanande og godt å kome i gang med fysisk arbeid på prosjektet. Etter om lag fem år med planlegging var det på tide, seier prosjektleiar Magne Helle.

To store varmepumper skal sørge for at godt oppvarma vatn blir frakta rundt og ender opp som oppvarming i ulike bygg i Førde. Helle seier det framleis er eit år att før anlegget kjem i drift.

– Rundt femtande september 2017 vil anlegget vere i drift for delar av Førde. Etter planen så skal anlegget i hovudsak stå ferdig i løpet av 2017.

Av dei største i landet

Kake på første spadetak for fjordvarmeanlegget

FEIRING: Det vart feira med kake, då ordførar Grotle opna byggearbeidet måndag.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Prosjektet skal etter planen koste 145 millionar kroner. Fjordvarmeanlegget i Førde skal bli eit av dei største varmeanlegga i landet som baserer seg på sjøvarme. Helle forklarer at det primært er større bygg og konsentrert utbygde område som skal koplast til varmen.

– Sjukehuset er den største kunden, og i tillegg har vi mange av dei store kommunale bygga som kundar. Så har vi fleire næringsbygg og nokre bustadområde som skal knytast til nettet. Då er det gjerne felt med konsentrert utbygging der det er mogleg å legge til rette for fjernvarme. Å kople på enkelthus er slik som kan vurderast, men det må vere økonomisk forsvarleg.

– Miljøriktig

Her skal fjordvarmeanlegget kome

DENNE TOMTA: Det er på denne tomta det nye fjordvarmeanlegget i Førde skal byggast.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det var ordførar i Førde, Olve Grotle, som fekk æra av å stikke den første spaden i jorda på prosjektet. Han synest det er kjekt at det no er i gang.

– Det er moderne og miljøriktig infrastruktur som mellom anna vil fase ut mange av dei oljefyringsanlegga vi har her i byen. For Førde kommune var det viktig å vere med på dette då det er bra for miljøet. Det var og viktig, for utan oss trur eg ikkje dette hadde vore mogleg å realisere.