NRK Meny
Normal

Her tangerer han persen til Jostein Flo

Tikjempar Henrik Holmberg ymtar om prøvespel for Strømsgodset etter at han i helga tangerte den personlege høgderekorden til tidlegare landslagsspelar Jostein Flo, no sportssjef i drammensklubben.

NY PERS: Med eit hopp på 2.06 meter sette tikjempar Henrik Holmberg frå Vik ny personleg rekord på eit stemne i Byrkjelo i helga.

Den talentfulle tikjemparen frå Vik hadde allereie rive to gonger på to meter. I siste forsøk bad han om å få lista heva til 2.06. Det gjekk akkurat og dermed kunne Holmberg sleppe jubelen laus etter å ha sett ny personleg rekord.

– Det byrjar å nærme seg fylkesrekorden på 2.10. Så det var kjekt å komme eitt steg nærmare, seier Holmberg.

At han med det same hadde tangert Jostein Flo sin personlege rekord, var han ikkje klar over då.

– Eg visste at han hadde hoppa høgde, men eg var ikkje fullt klar over at han var så god, seier Holmberg.

Flo sår tvil om rekordhoppet

Ikkje sidan 1983 har det vorte hoppa så høgt av ein utøvar frå Sogn og Fjordane. Det året gjekk Jan Rune Hetle frå Breimsbygda og brørne Kjell Rune og Jostein Flo frå Stryn alle over 2.06 meter.

Sistnemnde var berre nitten år og har med det framleis fylkesrekorden i høgde for juniorar.

Då NRK ringjer for å informere Jostein Flo om at persen hans er tangert blir vi møtt av eit par sekund tenkepause.

Jostein Flo

UNGT MULTITALENT: I dag er han sportssjef for Strømsgodset, men på 80-talet herja Jostein Flo både på fotball- og friidrettsbanene for moderklubben Stryn.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Ok... eg har 2.07 eg, seier han nølande.

For sjølv om 2.06 står nedteikna i rekordbøkene, har Flo etter eige utsegn altså hoppa enno litt høgare. På eit innandørsstemne, han trur det var i Moss, fekk han fullklaff og betra rekorden med ein centimeter.

Spinkel Flo herja på friidrettsbana

Uansett er Flo mektig imponert over at ein ny utøvar frå fylket har byrja å nærme seg nivået dei var på for over tretti år sidan.

– Eg synst det er veldig godt gjort å hoppe så høgt, spesielt av ein tikjempar som sannsynlegvis har litt meir muskulatur enn då eg hoppa desse høgdene der, seier Flo.

Han var nitten år og enno spinkel då han herja på friidrettsbana. Det vil seie, det var fotballen han dreiv med. Men allereie då var trestegstilløpet, dei karakteristiske klyva vi kjenner frå tida då Flo-pasninga framleis var eit heidersbegrep, godt utvikla.

– Diverre ville eg heller spele fotball i femtedivisjon, enn å vere blant Norges beste høgdehopparar, seier Flo.

Lovar å knuse Flo i løpet av sesongen

Likevel, han har aldri angra på valet han gjorde. Jostein Flo steig raskt i gradene og etter kvart har han både VM-kampar for Norge, utanlandshald og eit langt liv i norsk toppfotball på merittlista. Men den gongen var det samhaldet i klubben, og entusiasmen som var for fotballen i Stryn på den tida, som vart avgjerande.

– Det å vinne og tape fotballkampar i lag med andre fascinerte meg meir enn det å gjere det bra åleine i ein individuell idrett, seier han.

For Henrik Holmberg sin del var rekordhoppet i helga berre ein forsmak på kva som vil kome. Forma er stigande og vikjen forventar å ta fylkesrekorden når som helst.

– Det handlar berre om å ha dagen. Så du får helse Flo å seie at eg skal slå han med fem centimeter i løpet av sesongen, seier han.

Henrik Holmberg hoppar lengde

JAKTAR REKORDAR: Henrik Holmberg er i kjempeform og jaktar fylkesrekordane både i høgde og lengde. Her er han i aksjon på Byrkjelo i helga.

Foto: Privat

Håpar på prøvespel i Godset

Skjer det vil han sette ein definitiv stoppar for diskusjonen om kven som eigentleg har hoppa høgst av dei to.

– Og då bør han vurdere å invitere meg på prøvespel for Strømsgodset, seier ein lattermild Holmberg.

Jostein Flo er ikkje framand for tanken.

– Viss han klarer det, skal han få vere med på avslutningstrening på Marinlyst med meg. Viss han slår meg der, så skal han få vere med a-laget, seier Flo.

– Men han må slå meg i høgde først. Han må slutte å prate og byrje å trene, seier Flo.

Vegopning på Bergum i Førde kommune