Hopp til innhold

Her taklar han Ronaldo – kan vere på veg til Sogndal

SOGNDAL (NRK): Den armenske landslagsspelaren Zaven Badoyan (25) er aktuell for Sogndal.

Takla Ronaldo

LANDSLAGSSPELAR: Her er går Cristiano Ronaldo i bakken etter ein duell med Zaven Badoyan under ein gruppekamp i kvalifiseringa til EM i 2015. Armenia tapte til slutt knipent 2-3 på heimebane.

Foto: Davis Mdzinararishvili / Reuters

Det er ingen kven som helst Sogndal no prøver å hente.

I juni var Badoyan på bana då heimlandet møtte Portugal til EM-kvalifisering. For to veker sidan scora han kampens einaste mål då Pyunik slo Molde i det første oppgjeret i 2. runde av kvalifiseringa til Champions League. Returkampen tapte dei 0-5.

Trenar Eirik Bakke stadfestar at kantspelaren er på besøk i klubben, men vil førebels ikkje seie noko om kor nære dei er ein overgang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Badoyan mot Molde

MÅLFARLEG: Badoyan (til høgre) har scora jamt og trutt etter overgangen til Pyunik. Her i aksjon i ein kvalifiseringskamp til Champions League mot Molde på Aker Stadion i juli.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Badoyan har spelt to sesongar for storklubben FC Bate Borisov, dei regjerande meistrane i Kviterussland og det einaste laget frå det landet som har kvalifisert seg til gruppespelet i Champions League. I klubben var Badoyan med å vinne serien to gonger, men står berre registrert med 16 kampar og eitt mål.

I 2014 vart gjekk han til FC Gomel i same land og divisjon. Badoyan fekk 29 kampar og scora tre mål i ein sesong som enda med sjetteplass i serien og kvartfinaleplass i cupen.

I 2015 returnerte han til heimlandet, der han spelte siste del av sesongen for dei regjerande meistrane Pyunik. For laget står han registrert med ti mål på tolv kampar.

Kjelde: Wikipedia

Under kan du sjå Badoyan score eit fantastisk mål på brassespark.