Her syng dei bursdagssongen for 75-årsjubilanten Oddvar Torsheim

Folk strøymde til kunstmuseet i Førde då den store jubileumsutstillinga til Oddvar Torsheim opna i dag.

Oddvar Torsheim fyller 75 år 2. november 2013. Dette blir feira med jubileumsutstilling i Sogn og Fjordane kunstmuseum. Foto: Brit Jorunn Svane, NRK

SJÅ VIDEO: Oddvar Torsheim fyller 75 år og blei i dag feira under opninga av jubileumsutstillinga ved Sogn og Fjordane kunstmuseum. Her syng dei bursdagssongen for han. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK

– Det er ikkje kvar dag som er vellukka, men denne har vore det, seier ein strålande opplagd Oddvar Torsheim.

Multikunstnaren fyller 75 år i dag og heile helga går med til feiring. Den skjer i tre kommunar, der han blei fødd, der han vaks opp og der han bur i dag.

– Viktig for ungane

Olve Grotle og Morten Johan Svendsen

OPNA UTSTILLINGA: Førde-ordførar Olve Grotle held opningstalen. Til høgre sit direktør for museet, Morten Johan Svensen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Åshild Kjelsnes og Oddvar Torsheim

FEKK KLEM: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ønska seg ein klem av jubilanten - og det fekk ho.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Oddvar Torsheim

ENGASJERT: Oddvar Torsheim kosa seg under opninga av jubileumsutstillinga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I løpet av eit par timar hadde over 500 personar teke turen innom for å sjå Torsheim-kunsten ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Mange var til stades i Høgsalen der ordførar Olve Grotle opna jubileumsutstillinga. Den viser eit utval på 150 bilete frå starten av karrieren og fram til i dag.

– Kvifor har vi blitt så glad i Oddvar og kunsten hans? Kan det vere fordi han vender seg til alle? Og at alle forstår han? At alle i alle fall trur dei forstår han? Det er kanskje vanskeleg å gi eit godt svar, sa Grotle i talen sin.

Ordføraren fortalde også kor viktig Oddvar Torsheim er for oppveksten til born og unge og at han har vore eit korrektiv til den skulen som lett kan bli konform og A4.

–Kven kjenner Oddvar best? Jo, ungane sjølvsagt. Alle born kjenner utsmykkinga på førdeavdelinga på sentralsjukehuset og frå barnehagar og skular. Ungane er på fornamn med han.

Folkekjær og ein fargeklatt

No gler Grotle seg til å studere utstillinga og meiner det trengst lang tid å få med seg alle detaljane i dei 150 bileta som heng tett i tett.

– Slik bileta er hengt opp, er eit kunstverk i seg sjølv, seier han.

Til stor applaus kom Torsheim fram og fekk blomar. Då starte publikum å syngje bursdagssongen for han.

På programmet var det musikalske innslag ved distriktsmusikarane. Også fylkesordførar Åshild Kjelsnes heldt tale og gav blomar til jubilanten.

– No skal vi i mange veker nyte kunsten din. Eg er også veldig glad i den delen av kunsten du formidlar med musikken din. Eg høyrer korleis du får fram eit bodskap. Du er folkekjær og ein fargeklatt med det raude halstørkleet ditt, sa ho.

Noko av det største

Jubilanten sjølv er overvelda av det som har skjedd så langt i helga. Han kosa seg under opninga i museet og tykkjer at bileta hans er flott presentert på dei fire veggane.

– Dette er noko av det største eg har vore med på. Eg håper at folk hyggjer seg og har det kjekt. Eg tykkjer det er kjekt at andre får seg ein fest, eg har jo hatt så mange. Det er ikkje kvar dag som er vellukka, men denne har vore det.

Seinare i dag blir det middag med den næraste familien. Han har også fått mange gåver.

– Det har strøymd på med blomar og bøker. Før om åra har eg fått mykje barberhøvlar, speglar og strømper, men no bøker. Det er veldig kjekt, seier han.

Søndag held feiringa fram i kommunen der Torsheim vaks opp. På Sanden i Naustdal blir det avduking av skulpturen «Kyra».