Hopp til innhold

Her susar han ned Nakkjen i 67 km/t

– Pulsen låg jamt på 170 heile vegen ned. Den var høgare enn på veg opp, gliser Lars Wessel.

Lars Wessel filma heile løpet frå start til mål under årets Nakkjen Ned i Stryn. Dette er ein redigert versjon.

SJÅ VIDEO: Ein redigert versjon av rennet Nakkjen Ned. (Foto: Lars Wessel)

Oslo-mannen var skjærtorsdag ein av kring 75 deltakarar på fjelltelemarkrennet Nakkjen Ned i Stryn.

Starten gjekk 1.133 meter over havet, på Bergsetnakkjen, med målområdet kring 600 høgdemeter under ved Nordfjord Fritidssenter.

– Det var veldig slitsamt. Litt dårleg sikt øvst, og mange bratte svingar. Det gjeld å ta det litt med ro i svingane, smiler Lars Wessel.

Vann med hundredel

40-åringen filma heile turen med hjelm på kamera. Med randonee-ski under beina brukte han 5 minuttar og 33 sekund ned Nakkjen. Mathias Hagen var raskast av herrane med halvminuttet kortare tid.

Og berre eitt hundredel raskare enn Geir-Olav Roset (Veten). GPS-klokka til Wessel viser toppfart på 66,08 kilometer i timen. Pulsen låg jamt på 170. Høgare enn den var i løpet av den 56 minuttar lange oppturen.

Kristi Bergset (Veten) vart raskaste kvinne med tida 06:04,6.

Lars Wessel

FILMA: Lars Wessel, med Nakkjen i bakgrunnen.

Foto: Privat

– Eg vart nummer fire i fjor, så kom ikkje på pallen. Difor er eg nøgd med å vinne Old boys-klassa i år. Eg hadde nok litt meir å gå på i år i høve til konkurrentane, då det først var siste tredjedelen eg køyrde forbi min argaste konkurrent i klassa, gliser Wessel.

Oslo-mannen vann klassa si også i 2009. Då med snøbrett. Turen ned frå Bergsetnakkjen tok då halvanna minutt lengre tid. Men det var også noko meir krevjande.

– Det er lettare å køyre ned på ski. Litt lettare å kontrollere svingar og terreng, seier han.

– Folk kosa seg

Men det var ikkje berre Wessel, som har kjærast med familie i Stryn, som kosa seg i terrenget ved Nordfjord Fritidssenter.

Veten IL har arrangert Nakkjen ned i over 25 år, og rennleiar Oddvin Myklebust er svært godt nøgd med årets arrangement.

– Vi hadde kring 30 born på Mininakkjen ned, og 45 vaksne på Nakkjen Ned. I tillegg hadde vi faktisk over 50 deltakarar på kjelkerennet. Eg trur folk kosa seg skikkeleg, smiler han.

Ser på fornying

Arrangementet vart også avvikla utan dei store skadane. Ei jente måtte bryte då ho vrei ankelen på toppen.

Myklebust ser likevel at det er grep dei kan gjere for å stikke seg ut i mengda blant tilsvarande arrangement.

– Det er jo så mange etter kvart, men vi har snakka lenge om fornying. Eg trur det er eit veldig potensial for å gjere meir ut av rennet, både for deltakarar og publikum, seier han.

Ynskjer meir show

Traseen er ny frå år til år og kjelkerennet var også nytt i år. I tillegg meiner Myklebust at løpet også kan kombinerast med andre aktivitetar.

– Arrangementet er eit veldig fint tilskot til lokalmiljøet, men skal vi appellere til store massar utanfrå, så må vi til med meir. Kanskje først og fremst legge opp løypa så det blir meir spissa duellar i målområdet. Litt meir showpreg, avsluttar han.