Instagrambilete avslørte råkøyring i Kvivstunnelen

På morkna framdekk og med to passasjerer i bilen, pressa nordfjordingen speedometeret opp i 210 km/t i E39-tunnelen.

Speedometer som viser 210 km/t

FORT: Passasjeren som tok biletet forklarte Sogn og Fjordane tingrett at føraren ikkje køyrde særskilt lenge i 210 km/t og at han bremsa ned att nokså fort.

Foto: Politiet

– Slik køyring høyrer ikkje heime nokon stad. Det er dumskap, seier Audun Heggestad.

Råkøyringa i den 6,5 kilometer lange tunnelen mellom Volda og Hornindal, skremmer distriktsleiaren i Trygg Trafikk.

Ein av dei to kameratane som sat på med bilføraren, tok biletet av speedometeret som viste 210 km/t. Biletet hamna på Instagram, der det vart fanga opp av andre som varsla politiet.

– Det er heldigvis sjeldan høg fart. Det er nesten vanskeleg å finne ord for kor gale dette er. Her set ein både seg sjølv og andre i livsfare, seier Heggestad.

Morkna framdekk

Kvivsvegen

NY: Den 6,5 kilometer lange Kvivstunnelen stod ferdig i 2012, og er ein del av Kvivsvegen mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

No er den tidlegare ustraffa mannen i 20-åra dømd til fengsel i 120 dagar, som han slepp å sone om han held seg på rette side av lova dei neste to åra.

Etter å ha trekt frå ein tryggleiksmargin på 30 km/t, la både påtalemakta og Sogn og Fjordane tingrett til grunn at farten var «minst 180 km/t».

Sjølv kunne ikkje mannen seie kor fort det gjekk, men ein av passasjeren fortalde retten at bilen byrja å «gå sidelengs under nedbremsing».

Bilen hadde også framdekk som var morkna, og ikkje eigna for høg fart.

– Dei som sat på opplevde turen som skummel, både med tanke på seg sjølv og andre trafikantar i tunnelen. Det skal lite til før ein misser kontrollen og då går det veldig ille om du treff andre trafikantar eller tunnelveggen, seier politiadvokat Malin Skeibrok Ånensen.

Sladda over tær

Audun Heggestad

ILLE: Audun Heggestad er skremd over køyringa som ein nordfjording nyleg vart dømd for i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Tunnelane er ekstra farlege. Ein frontkollisjon, eller bom stopp i fjellveggen, gir ekstra store skader. I tillegg har du brannfaren, legg Heggestad til.

Mannen vart også funnen skuldig i å ha køyrt over tærne til ein mann som oppsøkte bilen, for å få han til å sladde på vått underlag og blant fleire vitne på ein parkeringsplass. Nokre dagar seinare slo nordfjordingen ned den same personen.

Nordfjordingen vart også dømd for å ha gjort skadeverk på bilane til personar han hadde krangla med.

36 månader utan lappen

Sjølv om mannen stod tiltala for til dels alvorlege forhold, meinte retten at fengsel i 120 dagar med to år prøvetid var rett reaksjon. Både tilståing for dei fleste punkt og at saka har ligge eitt år og tre månader hos politiet kom i favør av nordfjordingen.

Mannen vart også vurdert til å vere i ein rehabiliteringssituasjon.

Han må likevel klare seg utan førarkort i 36 månader.

– Det er nok den største straffa. Det er godt jobba av styresmakter å fange det opp og få slik framferd ut av trafikken, seier Heggestad.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå mannen sin forsvarar.