NRK Meny
Normal

Her strøymer pengane inn

Hydro-verksemdene i Årdal og Høyanger kan presentere solide overskot i første kvartal.

Årdal Metallverk

GOD DRIFT: Metallverket til Hydro i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hydro Årdal hadde eit resultat på 118 millionar kroner før skatt, medan Hydro Høyanger hadde 19 millionar i overskot.

For Årdal sin del var resultatet 46 millionar kroner betre enn i same perioden i fjor. Også i Høyanger var resultatet betre enn i fjor, då det vart 76 millionar kroner i overskot for heile året.

– Veldig god drift

Fabrikksjef Wenche Eldegard i Årdal seier viktigaste årsaka er høgare prisar på metallet dei produserer. I år har prisen på aluminium lege på vel 14.400 kroner for kvart tonn på London Metal Exchange (LME), i fjor var gjennomsnittsprisen i underkant av 13.000 kroner.

– Vi er godt nøgde med resultatet. Eg er spesielt nøgd med at vi har god drift i alle einingane våre. Eg har lyst til å trekke fram elektrolyseavdelinga. det er den største avdelinga, der vi produserer flytande aluminium. Der har det vore veldig god drift.

– Ser veldig positivt ut

I heile 2016 hadde Hydro Årdal eit resultat på 305 millionar kroner, så dersom trenden frå første kvartal held seg, ligg dei an til å få eit endå betre resultat i år.

– Vi håpar på det. Det vi jobbar med å ha god drift, det er det vi kan påverke. Vi har god ordretilgang. Når det gjeld prisen ser vi ikkje så veldig langt fram i tid. Men så langt ser det veldig positivt ut for dette året, seier Wenche Eldegard.

Høyanger sett frå Bugeheia

GODT OVERSKOT: Hydro Høyange hadde 19 millionar kroner i overskot i første kvartal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Motiverande

For begge verka i Sogn spelar leveransar til bilindustrien ein stadig større rolle. Fabrikksjef Stian Tangen ved Hydro Høyanger seier at dei får gode tilbakemeldingar frå kundane på at dei har god kvalitet og leverer til rett tid.

– Marknaden for aluminium til panser, bagasjelok, dører og tak er venta å vekse med så mykje som 15 prosent i året fram til 2022. Men skal vi få del i denne veksten må vi vere veldig gode på kvalitet.

Han seier at leveranse til bilmarknaden gir dei tilsette auka motivasjon.

– Det er veldig motiverande for oss her i Høyanger å vite at når ein moderne europeisk premiumbil kjem rullande forbi, så er det svært sannsynleg at vi har levert aluminium til han.

Det er 542 tilsette ved Hydro Årdal, i Høyanger er det 157 tilsette.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.