Hopp til innhold

Her stoppar cruiseskipet i Sognefjorden for å kjøpe ferske bær

Kvart år stoppar cruiseskipet Azamara Journey på Sognefjorden utanfor Vangsnes for å kjøpe lokale godbitar.

LOKALE RÅVARER: Gjenge frå cruiceskipet sendte ut eit mannskap for å sikre seg ferske bær.

LOKALE RÅVARER: Cruiseskipet Azamara Journey har her sendt ut eit mannskap for å hanke inn ferske bær.

Foto: Ola Hopperstad / Sognabær AS

– Eg veit ikkje om nokon andre som har ein liknande avtale, seier Ola Hoppestad frå Sognabær AS.

Vart googla opp

Hoppestad fortel at dette er sjette året på rad at bedrifta i Vangsnes i Sogn leverer bær til cruiseskipet. Det heile starta etter at dei hadde vorte oppdaga på nettet av det australske reiarlaget.

– Slik eg forstod det så hadde dei googla seg fram til oss. Dei tok kontakt, og så byrja me å levere både bringebær og andre bær også, seier han.

Sidan den gong har firmaet levert fast til cruiseskipet. Årleg stoppar skipet utanfor bygda for å sikre seg ferske rasjonar av dei lokale bæra. Då bæra skal hankast inn, vert mannskap frå skipet sendt inn til kai med ein ekstrabåt. Hopperstad fortel at turistane følgjer ivrig med når småbåten går i land.

GODIS: Mannskapet som kjem for å hente dei friske bæra lid inga naud.

DELIKATESSE: Mannskapet som kjem for å hente dei friske bæra lid inga naud.

Foto: Ola Hopperstad / Sognabær AS

– Dei stiller jo mannsterke. I går var det vel fire mann som kom på land. Dei hadde med seg ein eigen fotograf som tok bilete. Eg trur dei tykkjer det er litt stas også.

Uvanleg små rasjonar i år

Som eit resultat av den kalde sumaren, har ikkje avlingane i år vorte så store heilt enno. Bæra modnast saktare, og difor vart det ein mindre porsjon enn vanleg som vart sendt av garde med cruiseskipet i går.

– Dei ville nok hatt litt meir, men me klarte ikkje meir i år.

Hopperstad håpar på betre vêr framover slik at modninga kan kjem ordentleg i gong.

– Etterspørselen etter bær er stor, så eg håpar sola gløttar litt fram no slik at me kan få ut leveransane våre, seier Hopperstad.

Ola Hopperstad

HÅPEFULL: Styreleiar i Sognabær AS, Ola Hopperstad håpar sola gløttar fram att snart, slik at bæra kan modnast raskare.

Foto: Noralv Pedersen / NRK