Hopp til innhold

Her startar dei å verve frivillige

NAUSTDAL (NRK): Det er berre tre månadar igjen til EM i vektløfting – og arrangøren treng hjelp av 200 frivillige.

Jan Magne Åsnes og Stian Grimseth vervar frivillige til EM

RINGERUNDE: Jan Magne Åsnes og Stian Grimseth starta onsdag jobben med å verve frivillige til EM i vektløfting.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi merkar at det nærmar seg no, seier EM-general Stian Grimseth.

EM i vektløfting blir arrangert i april, og det er venta opp mot 300 utøvarar til Førde og Naustdal. I løpet av ei hektisk veke skal meisterskapen flyte prikkfritt – og det krev ein stor dugnad.

Grimseth meiner dei må ha om lag 200 frivillige.

– Det er eit stort tal, men eg trur vi skal få det til. Det er tradisjonelt sett god dugnadsvilje her, og så veit vi at det blir liggande att mykje også, seier han.

Kjøper utstyr for fire millionar – og det dryp på idretten

Meisterskapen har eit budsjett på opp mot 16 millionar, om alle brikkene fell på plass. Det blir kjøpt inn utstyr for fire millionar, ein hall til over 12 millionar er i ferd med å reise seg i Naustdal, og arrangøren håpar på eit økonomisk overskot.

For dei idrettslaga som stiller med mannskap, vankar det utstyr som takk for hjelpa.

– Det at vi dessutan får bygd opp dugnadsviljen, er også ein viktig meirverdi av meisterskapen, meiner Grimseth.

EM-general Stian Grimseth

HEKTISK: Stian Grimseth og dei andre i arrangørstaben går ein hektisk periode i møte fram mot EM. Her er frivillige i gang med å vere folk til den store dugnaden i april.

Foto: Rune Fossum / NRK

La opp til konkurranse om vervinga

Onsdag hadde i overkant av 70 personar registrert seg som frivillige til EM. For å få fatt i dei siste, samla ein gjeng frå idrettsorganisasjonane i Naustdal seg i kommunestyresalen for å ha ein ringerunde til venner og kjende.

– Eg håpte på litt konkurranse om kven som kunne verve flest, smiler Grimseth.

Og det skulle ikkje gå lang tid før dei første hadde takka ja til å bli med på laget. Jan Magne Åsnes var den første som fekk napp.

– Eg håpar å kunne få med eit 30-tals personar. Då vil det monne litt, seier han.

Fekk «ja» frå 60 personar på éin kveld

Frå før har EM-arrangøren fått ein del frivillige frå vektløftarmiljø i inn- og utland.

– Vi har ein engelskmann som har meldt seg, og det er jo spennande. Dessutan vil nokre svenske klubbar bidra med folk, og vi får hjelp frå klubbar rundt om i Norge, seier Grimseth.

Onsdag kveld enda dugnadsinnsatsen med at lista vart utvida med i overkant av 60 personar. Det er langt ifrå nok, men stemneleiaren er trygg på at dei skal få tak i dei siste.

Jan Magne Åsnes har kryssa av for heile EM-veka i kalenderen. For han har tenkt å vere med og hjelpe sjølv også.

– Eg har gitt beskjed på arbeid om at det kan bli ei veke med litt lite jobbing og mykje frivillig aktivitet. Eg gler meg – det er moro å treffe nye folk, seier han.