Hopp til innhold

Her står venene saman på scena - søndag gjekk Opseth bort

Thorvald Stoltenberg er i sorg etter at politikarkollegaen og venen Kjell Opseth døydde søndag, 81 år gamal.

Stoltenberg og Opseth

GLADE TIDER: Kjell Opseth (t.h) var sjølvskriven då regjeringa overraska landsmøtet i Arbeidarpartiet med Cabaret Surprise i 1992. F.v. Grethe Knudsen, Gunnar Berge, statsminister Gro Harlem Brundtland, Thorvald Stoltenberg og Opseth.

Foto: Helge Mikalsen / VG

Ap-veteranen sat i same regjering som Kjell Opseth og dei var begge med på store endringar i norsk politikk og samfunnsliv.

– Eg kjende han i mange år og vi sat saman i regjering i fleire år og eg føler at eg kjende Kjell godt. Eg såg på han som ein god ven og eg sette pris på engasjementet hans, seier Stoltenberg til NRK.

Opseth hadde ei rekkje politiske verv for Arbeidarpartiet, sat 20 år på Stortinget og markerte seg svært tydeleg som samferdsleminister frå 1990 til 1996.

Gjorde ord til handling

I denne perioden fekk han politisk fleirtal for å byggje ut Gardermoen, han fekk E16 over Filejell som stamveg i Sør-Norge og han fekk bygd verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen.

– Han var ein ypparleg representant for den delen av landet han kom frå og han gjorde ein særs god jobb på område etter område, særleg innan samferdsle. Som ven var han ein du alltid du kunne stole på. Han var heil ved og han gjorde ord til handling, seier politisk kollega og ven, Thorvald Stoltenberg.

Dei siste åra trekte Opseth seg tilbake frå rampelyset og levde eit stille og roleg familieliv saman med kona Hjørdis. Opseth var far til Kristin og Erik og bestefar til fleire barnebarn.

– Eg kjem til å sakne Kjell svært mykje, seier venen Stoltenberg.

POLITISKE VENER: Kjell Opseth og Jens Stoltenberg saman i Stortinget.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Blir hylla av Jens

Søndag kveld twitra Jens Stoltenberg om bortgangen til Kjell Opseth og han slår fast at Opseth var ein politikar som visste kva han ville, og som fekk det som han ville.

– Hans politiske kløkt og eineståande gjennomføringsevne gjorde han til ein av etterkrigstida sine mest markante samferdslepolitikarar. Få om, om nokon, har prega den sektoren som ham, skriv Jens Stoltenberg.

Noverande sekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, er også full i lovord over Opseth sin innsats som sentral politikar gjennom mange år.

– Mange karakteriserer han som ein bauta. Eg vil peike på staheita hans, som er viktig for å få gjennom politikk. Han klarte å lande store og viktige prosjekt for landet vårt og han visste kor han kom frå, seier Stenseng.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
HISTORISKEBILDER

Sjå bileta frå Kjell Opseth sitt politiske liv.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix