Hopp til innhold

Her står seks sauer bom fast

På to fjellhyller 425 m.o.h i Lærdal står seks sauer og ventar på redningsfolka som er på veg. Sauebonden Gro Nybø har leita etter dyra sine i heile haust.

Sauar som sit fast her

BOM FAST: I Lærdal vart sauene ståande fast då dei truleg prøvde å komme seg heim.

Foto: Gro Nybø

– Plutseleg høyrde vi eit lam som breka. Vi trudde dei var i skogkanten, men fann dei ikkje der. Så såg vi at dei stod på fjellhylla, seier Gro Nybø.

Dei seks sauene har vore sakna i heile haust, og måndag oppdaga dei dyra oppi fjellsida. Nybø trur dei har opphalde seg i eit juv ei stund sidan dei ikkje greidde å finne dei. Truleg trakk dei nedover i fjellet på veg heimover då snøen kom. Men der vart dei ståande.

Er ved godt hald

Gro A. Nybø

SAUEBONDE: Gro Nybø eig dei seks sauene som no må reddast ned frå fjellsida.

Foto: Privat

Dei har truleg stått der i underkant av ei veke, men det ser ut til at dei ikkje har noko problem med høgda fortel sauebonden. No kryssar ho fingrane for at sauene kjem seg heim igjen i god behald.

Sauene til Gro

SAU: Bonden Gro Nybø leita lenge etter sauene, før dei plutseleg viste seg å stå på fjellhylla.

Foto: Gro Nybø

Nybø kontakta ulike klatrarar og andre for råd om korleis ho skulle få heim dyra sine, blant anna Den Norske Frivillige Dyreredningstjenesten, som ville stille opp.

– Det er vanskeleg å seie kva som kjem til å skje. Vi veit ikkje korleis dyra vil reagere når det kjem ukjende folk ned til dei for å hjelpe dei, seier Gro Nybø.

Redningsmannskap frå Bergen

Den Norske Frivillige Dyreredningstjenesten reddar dyr som sit fast i fjellet og dei kjem køyrande heilt frå Bergen for å hjelpe sauene. Dei reiser opp på fjellet i Lærdal og skal ta seg ned til dyra i dagslys.

– Det blir nok litt improvisering når vi ser korleis det er der. Planen er å gå til 200 meter over der sauene er og ta oss ned dit i dagslys, seier Vilde Mikael Rostad som er leiar for aksjonen.

Vilde Mikael Rostad

REDNINGSMANNSKAP: Vilde Mikael Rostad skal saman med ein annan hente sauene til Gro Nybø ned frå fjellhylla.

Foto: Privat

Dei har med seg soveposar og skal overnatte på fjellhylla saman med sauene. Då vil dei nytte tida til å skape tillit til dyra som truleg er litt folkesky, fortel redningsmannen. Håpet er å kunne lokke dei med seg med kraftfôr same vegen som dyra kom seg ned.

– I verste fall må vi dra dei med oss i nokre slitesterke hundeselar som skal passe til sauene også, seier han.

Eit farleg oppdrag

Rostad jobbar med fjellsikring til vanleg og er vand med å klatre på stader ikkje alle andre ferdast. Bonden Gro Nybø kjem til å halde seg i nærleiken, men seier det er for farleg for henne å ta seg ned på fjellhylla.

– Vi er eventyrlystne og tek dette som ein fjelltur, seier Rostad.

Her står sauene

FJELLHYLLE: På to forskjellige hyller i denne fjellsida står sauene og ventar på hjelp. Dei har sjølv komme seg dit, men kjem seg ikkje opp att.

Foto: Gro Nybø