Hopp til innhold

Her står råka langt opp etter fjellsida

– Det er ofte kraftig vind, men ikkje ofte at drevet står så grådig frå sjøen, seier Anne Kristoffersen om dei heftige vindkasta sine herjingar med sjøen inst i Berlepollen.

Heftige vindkast i Bremanger.

SJÅ VIDEO: Vinden herja godt med Berlepollen i dag. (FOTO: ANNE KRISTOFFERSEN)

Vinden har sett sitt tydlege preg på Vestlandet i dag. Så også ved Berle i Bremanger.

Drevet stod friskt frå sjøen då Anne Kristoffersen kom køyrande – og stogga opp i fem-ti minuttar.

– Eg stogga for å ikkje køyre gjennom drevet for då blir bilen så salt. Men det var eit utruleg råk. Vinden var ganske dryg. Det rista godt i bilen, fortel ho.

Lite julepynt

Ho klarer ikkje å anslå kor kraftig vinden var, men ho har høyrt snakk om orkan i kasta.

Anne Kristoffersen

STOGGA: Anne Kristoffersen ser ofte vinden herje med sjøen i Berle. I dag filma ho den også.

Foto: Privat

– Drevet gjekk langt opp i fjellsida, så det var nok fleire hundre meter. Eg køyrde vidare over Oldeide, og der tok også vinden godt, seier ho og vedgår at ho nok må vaske bilen rein for saltet som la seg.

– Det er ikkje så uvanleg at det driv frå sjøen. Vindauga heime i Berle er heilt kvite, så du ser mest ikkje ut. Og det står 250 meter frå sjøen, legg ho til.

Kristoffersen filma noko av naturkreftene medan ho venta, men fortel at det dreiv endå meir frå sjøen med det same.

– No har det vore mykje storm og regn i det siste. Det ser vi eigentleg på husa kring om, der det er veldig lite utvendig julepynt. Inne i Leirgulen opna dei julegate i går. Den står utan lys i dag. Det er ikkje spøk å pynte til jul her på kysten, humrar ho.

Orkan ved Kråkenes

Ved vêrvarslinga på Vestlandet stadfestar Frode Hassel at vinden har vore kraftig langs kysten i dag. At den kan ha vore opp mot orkan i kasta ved Berle kan stemme.

Frode Hassel

STATSMETEOROLOG: – Det har vore mykje vind i det siste, men det går mot rolegare tider, seier Frode Hassel.

Foto: Marit Hommedal

– Eg meiner eg såg 66 knop i middelvind ved Kråkenes. Då har vi orkan, seier Hassel og legg til at vinden har ligge på full og sterk storm opp mot Stad. Vindretninga har vore sørvestleg.

– Det har vore ein uroleg periode med fleire passerande lågtrykk, seier han og langt på veg lovar kystfolket rolegare tider.

Kalde dagar

– Vinden vil gå sakte nedover utover natta og morgondagen. Det er nok siste krampetrekningane for no vi har sett. Vindtoppen er passert for lengst i Sogn og Fjordane, seier han.

Både søndag og måndag ser ut til å gi betre ver og kanskje blå temperaturar også på kysten.

– Så ser det ut som om det kjem ei ny runde med uvêr i midten av veka, avsluttar han.

Berlepollen