NRK Meny
Normal

Denne skituren kjem dei neppe til å gløyme

Førre laurdag fekk Bjørnar Sæten (18) og turfølgjet hans ein skitur dei seint vil gløyme. 1000 meter pudder rett ned Skåla i Loen.

Magisk føre og magisk utsikt for skikøyrarane som stod ned Skåla førre laurdag. Foto: Bjørnar Sæten/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen

HEILT TOPP: Magisk føre og magisk utsikt for skikøyrarane som stod ned Skåla førre laurdag. Foto: Bjørnar Sæten/redigering: Stine Kyrkjebø JOhansen

– Vi har gått der mange gonger før, men eg har aldri opplevd slikt føre, seier Sæten.

Han bur i dalen i Loen og har prima utsikt til Skåla, som ligg 1843 meter over havet. Og han er kresen på når han tek turen opp dit på ski.

– Eg går ikkje dersom det ikkje er skikkeleg fint vêr. Men eg bur slik til at eg ser det ganske lett. Viss vêret er godt, er det berre å få på seg ski, seier Sæten.

Skåla er mest kjent for motbakkeløpet Skåla opp, der både trente og mindre trente personar slik seg til toppen i løpet av ein laurdag i august.

Brukte 3,5 timar opp

Men fjellet har også mykje å by på vinterstid. Sæten og seks turkameratar tok turen på påskeaftan, og det angra dei ikkje på.

– Det var eg og pappa og nokre kompisar av oss. Vi brukte om lag 3,5 timar opp, og då gjekk i vi eit greitt tempo. Vêret var heilt strålande, seier Sæten.

Men det var definitivt turen ned som var mest verdt å minnast.

– Nedfarten frå Skåla er heilt fantastisk. Då vi stod ned att, fekk vi heilt urørt snø på fronten av Skåla. Vi har gått her i påska før, og då har det vore vanleg påskesnø. Slik pudder har eg aldri opplevd på denne tida, seier Sæten.

Filmar alle toppturar

Med go pro-kamera festa til eit panneband, filma han store delar av nedfarten. Ein vane han har lagt seg til når gjengen er på tur.

– Eg tykkjer det er veldig kjekt både å filme og ta bilete. Og så er det spesielt artig for dei som er med meg på tur, for det er jo dei som vert filma, seier Sæten.

Han går til vanleg mykje i fjellet, og med sertifikatet på plass, trur han det vert endå fleire turar, både sommar og vinter.

– Eg har for det meste gått på toppar i området rundt Loen, men med lappen i boks, er det lettare å komme seg rundt, seier 18-åringen.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast