Her står ikkje møkalukta i vegen for frådeling

Traktordur og møkalukt speler inn når Fylkesmannen seier nei til at ein bonde på Stadlandet får frådele eit hus på garden. Men på eit gardstun i Luster er dette ikkje til hinder.

Frådelt hus på garden til Øyvind Listou i Luster

FEKK DELE FRÅ: Dette huset fekk gardbrukar Øyvind Listou i Luster ja frå Fylkesmannen til å dele frå i 2014. Han undrar seg over at ein gardbrukar på Stadlandet får nei, mellom anna grunna fare for traktordur og møkalukt.

Foto: PRIVAT

Kloss i fjøsen på tunet til gardbrukar Øyvind Listou i Mørkridsdalen i Luster, ligg eit bustadhus der det no er lys i vindauga. For etter at Luster kommune først sa nei til at Listou skulle få dele frå huset, gav Fylkesmannen i 2014 sitt ja.

Tomta på 500 kvadratmeter blei frådelt og huset selt.

Geitebonden forundrar seg over saka frå Ervik på Stadlandet der Fylkesmannen seier nei til at ein gardbrukar skal få frådele eit eldre hus på garden og selje det til eit ungt par. Frå kommunen har dei fått ja.

Garden til Øyvind Listou i Luster

FEKK DELE FRÅ: Huset til høgre i bildet fekk gardbrukar Øyvind Listou i Mørkridsdalen i Luster eit ja frå Fylkesmannen til å frådele i 2014. Han undrar seg over at Fylkesmannen seier nei til frådeling på Stadlandet.

Foto: PRIVAT

Listou dreg parallellar til si eiga sak, og synest det er forunderleg at Fylkesmannen har konkludert ulikt.

– Eg skjønnar ikkje heilt logikken i det. Eg tykte det var merkeleg ein ikkje får kvitte seg med eit hus som ikkje blir brukt, seier Listou, som understrekar at han berre har kjennskap til saka frå media.

Nils Erling Yndesdal er kommunaldirektør hjå Fylkesmannen. Han ser likskapane i sakene, men seier det likevel er vanskeleg å samanlikne.

– Det kan vere mange variablar, til dømes bruksstorleik. Det er også gjort ei innstramming frå Stortinget si side etter at Listou si sak vart avgjort, seier han, og held fram:

– I tillegg blei desse sakene behandla ut frå ulike regelverk. Saka i Luster blei behandla som ei klagesak etter at Luster kommune sa nei til frådeling. Medan saka i Ervik er ein uttale og seinare ei klage som Fylkesmannen har gjort på eit vedtak etter plan- og bygningslova.

Støttar restriktiv linje

Ulemper med traktordur og møkalukt er blant faktorane som dreg Fylkesmannen mot eit nei i saka på Stadlandet. Her vurderer Fylkesmannen huset som ein del av tunet på bruket, og viser til at det er dyrka mark i grensa til eigedomen.

Hus i Ervik på Stadlandet

FÅR IKKJE DELE FRÅ: I Ervik på Stadlandet seier Fylkesmannen nei til at gardbrukar Jonas Larsson skal få dele frå huset til venstre i bildet. «Lukt frå spreiing av husdyrgjødsel eller støy frå landbruksmaskiner er døme på aktivitetar som kan føre til arealbrukskonfliktar», skriv Fylkesmannen i si klage.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner det er ein viss tendens til at det oftare enn før blir konfliktar mellom gardbrukarar og naboar.

– Eg vil seie konfliktnivået er svakt aukande fordi det ikkje er lengre så sterk tilknyting i bygdene til landbruket som har vore, difor fleire reagerer på støy og bråk. I kortare periodar der mykje skal gjerast, kan det bli støy både helgedagar og kveldar.

Felde støttar ikkje Fylkesmannen sin konklusjon i den konkrete saka frå Stadlandet, men seier dei generelt støttar ei restriktiv haldning.

– Vi er avhengige av Fylkesmannen som vaktbikkje for å sikre landbruksdrift og landbruksjord.

Ein lettare kvardag

I Selje kommune er både administrasjon og formannskap positive til at gardbrukar Jonas Larsson skal få dele frå huset. Nye innbyggjarar er nødvendig.

I Luster er ikkje Øyvind Listou i tvil om at hussalet har vore positivt både for dei sjølve og grenda.

– Vi har ein lettare kvardag no, seier Listou.

Øyvind Listou

STUSSAR: Gardbrukar Øyvind Listou forundrar seg over at ein bonde på Stadlandet får nei frå Fylkesmannen til frådeling av eit gardshus, når han sjølv fekk ja.

Foto: Privat

– Vi har auka folketalet og fått meir liv i grenda. Vi har også fått brukt dei midlane vi fekk for huset til å utvikle garden og fått vekk ein stor utgiftspost, så det er berre pluss heile vegen.