Hopp til innhold

Her står hengaren til Arne under vatn - og i kjellaren har han 60 cm vatn...

Heile eigedommen til Arne Steinar Indrebø på Vie i Førde står under vatn. På biletet ser du toppen av ein hengar på over ein meter. Og framleis stig vatnet ...

Created by InfoDispatcher

BORTE: - Lastebilhengaren kan vi rekne som tapt. Men eg hadde aldri trudd vatnet skulle gå så høgt denne gongen, seier Arne Steinar Indrebø. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Eg lurer på om det er lov å skyte ender no, ler Indrebø, og ser stokkender og måsar flyte forbi i elva som har danna seg rett gjennom hagen hans.

Rundt han er vatnet i ferd med å dekkje tunet mellom huset til foreldra hans, hans eige hus og garasjen han har til lastebilane sine.

I det fjerne ser vi toppen av ein lastebilhengar. Og knapt nok det.

– Det er så vidt vi kan sjå han no. Om kort tid ser vi han ikkje att. Men han får berre stå, seier Indrebø.

Har bedd ungane halde seg på skulen

Han og familien er godt vane med at når vasstanden er høg, går vatnet over alle breidder på eigedommen. Men dei kan ikkje minnast liknande sidan 1983.

– Nei, dette er ille, seier Indrebø.

Vegen inn til tomta er fullstendig overfløymt, og vassar du med støvlar, så når vatnet over støvelskaftet.

– Det er verst med ungane, men eg har ringt skulen og sagt at dei ikkje må tenkje på å sykle heim. Då går det gale. Eg får heller hente dei med lastebilen eller hjullastaren, seier Indrebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her står vatnet 60 centimeter opp i kjellaren

31 ÅR SIDAN: - Vi har ikkje hatt vatn i kjellaren sidan 1983, sjølv om vi er relativt godt vane med mykje vatn inn på tunet, seier Arne Steinar Indrebø.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har ikkje sett liknande sidan 1983

I huset til foreldra hans står pumpa og går for fullt. Utan at det ser ut til å hjelpe det minste. Då Indrebø målte like før klokka 13.30 stod det 60 centimeter vatn.

– Her er det undervasspoteter. Vi kan koke dei på staden. Det er enormt med vatn. Det var nærare ein meter då eg var nede og for kort tid sidan, seier Indrebø.

Kor store skadar vatnet vil gjere i kjellaren, er det vanskeleg å seie noko om.

– Potetene ligg vel tynt an. Det andre som er i kjellaren, er jo ikkje heilt uvant med å flyte rundt kvar gong dette skjer, så det går sikkert bra denne gongen også, seier Indrebø.

Trass i at dei er vane med vatn på markene hjå Indrebø, er det ei stund sidan kjellaren stod i vatn.

– Det har ikkje skjedd sidan 1983, seier Indrebø, som innrømmer at han ikkje hadde trudd det skulle bli så gale denne gongen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

HELD AUGA MED VATNET: - Vert det verre, må lastebilane vekk, seier Arne Steinar Indrebø. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Hadde ikkje trudd det vart så ille

– Det kjennest som det pleier. Det kjem alltid like brått på sjølv om det var meldt dårleg vêr. Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så ille. Vi har ein del utstyr som vi ikkje har fått flytta, så det er det verste, seier Indrebø.

I tillegg til hengaren, som han ser på som tapt, står nokre asfaltbaljar og saltspreiarar under vatn.

– Og det har dei ikkje godt av. Vert det verre må vi få tak i krane slik at vi får krane det vekk, seier Indrebø.

Han er spent på kor mykje høgare vatnet kan komme til å nå.

– Det er vanskeleg å seie. Eg håpar det ikkje vert så mykje meir, seier Indrebø, som er mest uroa for ungane.

– Vert det verre, får dei heller overnatte ein annan stad. Då vil vi ikkje ha dei heim her. Vi skal jo kunne komme oss herifrå også, seier Indrebø.

Mange stadar i fylket har folk problem med både flaum og overvatn, og både sivilforsvaret og folk frå brannvesen og politi er ute for å hjelpe til der det trengst.

Created by InfoDispatcher

ENORME KREFTER: Også i elva Anga er straumen stri. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Ber folk halde seg unna elvar

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, ber folk halde seg unna elvene Jølstra og Anga.

– Eg er uroa over at folk kan nærme seg elva sjølv om det ser spennande ut. Eg vil be folk om å halde avstand, seier Tvinde.

Han peikar på at utfallet kan bli fatalt dersom nokon hamnar i dei frådande vassmassane.

– Det er ikkje mogleg å redde nokon i den elva dersom nokon ramlar uti. Det er veldig farleg, seier Tvinde.

Mange vegar er stengde på grunn av dei store vassmengdene. For fullstendig oversikt, sjå vegvesen.no