NRK Meny
Normal

Her står båten 15 meter inn på land - ein person alvorleg skadd etter grunnstøyting

To menn i 50-åra er skadd etter at ein båt gjekk på grunn vest for Stavøya i Flora kommune. Ein av dei er alvorleg skadd og send til Haukeland universitetssykehus.

Båt køyrde på land

SKADD: To menn i 50-åra vart skadde då båten hamna langt opp på land etter ei grunnstøyting natt til søndag.

Foto: Eivind Hauge / NRK

– To personar var i båten, og begge skal vere skadd, opplyser Espen Gulliksen ved politiets operasjonssentral til NRK.no.

Klokka 00.50 opplyser politiet at den eine personen er frakta til Haukeland universitetssykehus i luftambulanse, medan den andre vert teken hand om av helsepersonell ved Førde sentralsjukehus.

Båten står no 15 meter oppe på Bjørnaskjæret like ved Veidesundet i Flora. Politiet fekk meldinga om at båten hadde grunnstøytt klokka 22.49. Båten er av typen Smuggler og rundt 24 fot.

At båten står så langt oppe på land kan tyde på at den hadde stor fart, seier politiet.

– Dei to personane som var om bord i båten vart frakta i land til helsepersonell, medan politiet heldt på med sikring av båten, seier Gulliksen.

Båt køyrde på land

BOM FAST: Båten har hamna om lag 15 meter inn på land.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Ventar til det vert lyst

– Båten står så høgt på land at det ikkje blir gjort noko meir i dag. Brannvesenet har sikra den, så no tek politiet hand om skadestaden, seier Espen Rysjedal ved Alarmsentralen.

Både politi, brannvesen og luftambulanse vart tilkalla staden. Også redningsskøyta var varsla og på veg, men så lenge det er mørkt vert det ikkje gjort noko meir.

Båtulykke i Flora

BÅTULYKKE: Ein båt gjekk laurdag kveld på grunn i Flora. Denne båten frakta naudetatane til ulykkestaden.

Foto: Truls Kleiven

– Ein veit ikkje om det er lekkasje i båten, så ein lyt vente til det er lyst før ein veit om det er trygt å frakte båten på sjøen att, seier Rysjedal.

Politiet opplyser at det står att noko sikring og undersøkingar av båten som vert gjort på søndag.

Laster kart, vennligst vent...

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser