Hopp til innhold

Her spyler dei for å unngå brann

Brannvesenet i Førde stilte onsdag mannsterke opp då innbyggjarane frykta fyr i knusktørre torvtak.

Sjå korleis brannvesenet spylar hustaka

SJÅ VIDEO: Det er sjeldan brannvesenet spyler hus som ikkje er i brann. (Foto/redigering: Heidi Lise Bakke/NRK)

Frode Steen

FRYKTA: Frode Steen frykta konsekvensane om ei glo skulle byrja å brenne i torvtaket på eitt av husa i Vievegen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Norge har dei siste vekene sett fleire store brannar gjere store skader og skape stor frykt.

I Vievegen i Førde tok bebuarane grep for å hindre ein potensiell katastrofe om ei lita glo skulle få tak eitt av torvtaka til åtte-ti hus som ligg tett i tett.

– Vi har hatt det tørt i mange veke. Vi har hatt brannen i Lærdal og den som no herjar i Trøndelag. Det set ein liten støkk i deg, seier Frode Steen til NRK.

Skulle ha brannøving

Dermed bad bebuarane om ein slange, men fekk onsdag både brannbilar og 10–15 brannmenn som tok til å spyle torvtaka.

Bernard Øberg

BRANNSJEF: Bernard Øberg.

Foto: Heidi Lise Bakke

For meteorologane kan førebels ikkje love noko meir nedbør før ut i neste veke.

– Vi skulle ha brannøving likevel, så i staden for å trene på noko anna så får dei no spyle litt, køyre pumpe på brannbilen og leggje ut slangar og heile pakka, seier brannsjef Bernard Øberg i Førde og Naustdal brannvesen.

– Ingenting skal vere uprøvd

Brannvesenet spyler hus med torvtak

I FULL SVING: Brannvesenet stilte mannsterke opp for å spyle torvtaka i Vievegen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Tysdag vart det lagt ned totalforbod mot open eld i Sogn og Fjordane. Fleire kommunar har også følgd opp og presisert at dette også gjeld for gravlykter på kyrkjegardane.

For det er ikkje tvil om at brannen som kravde 17 bustadhus i Lærdal, brannherjingane i Flatanger og storbrannen på Frøya har sett ein støkk i det norske folket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hus med torvtak ligg tett i tett i gamle Vievegen.

TORVTAK: Husa med torvtak ligg tett i tett i gamle Vievegen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi skal prøve alt for å unngå at det byrjar å brenne i Førde. Det er også difor vi er her i kveld. Ingenting skal vere uprøvd for å unngå brann som vi har sett elles i Norge, seier Øberg.

Skal lite til

– Kjem det ein sneip eller ei glo frå pipa her, så er det så tørt at det kan ta fyr, seier Øberg. Brannvesenet brukte to-tre timar på spylinga onsdag kveld.

– Er det slik at fleire bør ta kontakt?

– Det er spesielt her i gamle Vievegen med åtte-ti hus i rekkjer med torvtak, men er det andre kring om som har torvtak, så stiller vi og spyler slik situasjonen er no.

Brannvesenet spylar hustaka i Vievegen. Foto/red: Heidi Lise Bakke

SJÅ: Vestlandsrevyens Stine Kyrkjebø Johansen rapporterer frå husspyling i Vievegen. (Foto: Heidi Lise Bakke/NRK)