Hopp til innhold

Her spurtar Jonn (80) raskare enn dei fleste av oss

STRYN (NRK): Då Jonn Beinnes sprang inn på 12.33 på 60 meteren nyleg, var han ikkje fornøgd. 80-åringen vil sjå 11-talet før sommaren er over.

HEFTIG SPRINT: 80 år gamle Jonn Beinnes frå Stryn har ingen planar om å leggje løpeskoa på hylla.

For Jonn spring ikkje. Han spurtar.

– Å vere i aktivitet er viktig uansett alder. Eg pleier å seie at 80 er ikkje nokon alder, 80 er berre eit tal.

Akkurat det er Jonn Beinnes eit eksempel på. Ikkje berre spring han lett på foten, han har fråspark i skiløypa og.

– Det vart rundt 1500 kilometer i vinter, om lag 7 mil på ski i veka, seier Jonn, som om det er noko daglegdags.

Ikkje fornøgd

Det er slett ikkje alle som er født i 1938 som slit ut joggeskoa. Når NRK møter Beinnes til 60-metersduell, er han litt stiv i beina etter gårsdagens tur.

– Eg starta på skisenteret i Stryn, gjekk lysløypa mot Tverrfjellet, så til Ullsheim, opp til Holsætra og ned att. Ein pen tur på 15 kilometer, med varierande løp og gonge, konstaterer 80-åringen under oppvarming.

Det var under friidrettsgruppa si trening i førre veka at Jonn Beinnes slengde seg med. Utan oppvarming sprang han 60-meteren på 12.33 (sjå video), noko han sjølv meinte var for slapt.

– Eg skal ned på 11-talet før eg gjer meg.

Jonn Beinnes

NYE MÅL: 80 år gamle Jonn Beinnes vil sjå 11-talet på klokka etter ein 60-meter før han er fornøgd.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ny pers

NM-rekorden på 100-meter for veteran er på 15.21, sett av Arne Ueland i 2014. Å delta på Veteran-NM vil ikkje Beinnes høyre snakk om.

– Du seier eg kanskje er ein av dei beste, det er sikkert berre tull. Det er sikkert mange 80-åringar som spring mykje fortare enn meg. Det trur eg.

Godt oppvarma, men utan heilt profesjonell tidtaking spring Beinnes inn på tida 11.83.

– Der har du det, var den fornøgde reaksjonen på tida.

Truleg vert 80-åringen å sjå på treninga til friidrettsgruppa igjen, ganske så snart.