Hopp til innhold

Her spring Lars maraton berrføtt - snart skal han springe 241 km på 24 timar

Lars Bjørbæk (33) frå Florø set alle klutar inn på setje Guinness-rekord i å springe berrføtt innandørs.

Lars Bjørbæk under Hornindalsvatnet Maraton

LANGT: - Eg trivst best med å springe langt, seier Lars Bjørbæk, her under Hornindalsvatnet Maraton.

Foto: Stig Høynes / NRK

– Den gamle rekorden er på 220,45 kilometer. Men eg har planlagt å springe 241 kilometer. Så får vi sjå, seier Bjørbæk.

Rekordforsøket skal stå under Bislett International Indoors Endurance Festival 20.–21. november. Guinness World Record har allereie gitt klarsignal til at han kan gjere forsøket.

Men for at det skal bli godkjent, må han, i tillegg til å klare tida, få dokumentert det heile både med bilete og film. Og det er nesten meir krevjande enn sjølve springinga.

– Eg har framleis ikkje fått på plass nok fotografar til seansen. Det tek trass alt 24 timar, så det er krevjande greier. Men eg håpar eg får det til. Elles får eg det ikkje godkjent, seier Bjørbæk.

Prøvde seg på lengre løp

Han har drive med springing i sju-åtte år, og forstod ganske raskt at han måtte gå for dei lange løpa.

– Eg starta med fem kilometer, men det var kjedeleg. Så auka eg til ti kilometer, og så balla det på seg, seier Bjørbæk.

Lars Bjørbæk tek ein pust i bakken

ARTIG: - Eg ser fram til å komme i gang, seier Bjørbæk om rekordforsøket.

Foto: Stig Høynes / NRK

Einskilde meiner at det å springe berrføtt er noko av det mest naturlege ein kan gjere. Bjørbæk seier det handlar mykje om løpsteknikk, men også om ei heilskapleg tilnærming til det.

– Springinga er berre ein liten del. Det vert ein livsstil der ein endrar kosthald og lever betre. Alt heng i hop. Eg prøver å leve mest mogleg naturleg, seier Bjørbæk.

Skal ha fem minuttar pause for kvar mil

Difor sver han også til såkalla steinalderkost, og meiner det gjer godt.

Men for å gjennomføre eit løp på 24 timar, krevst det nøye planlegging ned til minste detalj, i tillegg til store mengder trening.

– Eg har lagt opp til at eg skal ha fem minuttar pause kvar tiande kilometer. På kvar runde skal eg liggje på to-tre minutt. Og spring eg lengre enn 220 kilometer, er eg kvalifisert til VM, seier Bjørbæk.

Det er fleire klassar som spring samtidig, så han vert ikkje åleine under rekordforsøket.

– Nokon skal springe 64 timar, andre 12 og seks timar. Det er ein fordel å ikkje springe åleine, men eg må fokusere på meg sjølv, og berre det. Elles går det ikkje, seier Bjørbæk.