Hopp til innhold

Her sprenger dei vekk rasfaren

Faren for at det skal komme snøskred gjer at Statens vegvesen må sprenge vekk store mengder med snø frå fjellsidene.

Ein snørik vinter byr på utfordringar for både bilistar og Vegvesenet. På fylkesveg 614 i Magnhildskaret måtte det sprengstoff til for å fjerne snøen som hadde samla seg.

– Vinden har flytta på mykje snø og bygd opp snøskavlar. På sundag gjekk det to mindre ras på kveldstid som gjorde at vi måtte stenge vegen, seier byggjeleiar for Statens vegvesen, Even Hjelle.

Det måtte fleire smell til før snøen kom susande ned fjellsida.

– Vi måtte skyte fire gonger. Ved den siste ladninga kom det mykje snø som dekte heile vegen. Det kontrollerte snøskredet var 70 kubikkmeter og dekka ei lengde på 60 meter, seier Hjelle.

Må bruke sprengstoff

I vinter har det gått mange snøskred langs vegane. Fleire stader har det nesten gått gale når bilar har vore nær å bli tatt av skred.

Tryggleiken er viktig når store masser skal rase ned fjellsidene på ein kontrollert måte. Blant anna må vêret vise seg frå si beste side.

– Ein må heile tida følge med på vêret. Det må vere god sikt og lite vind, seier Hjelle.

Sprengingsarbeidet gjorde at vegen var stengt i fleire timar.

– Det er snakk om store snømengder som plutseleg ikkje ligg i fjellsidene lenger. Vi hadde ein hjullastar som stod klar til å måke det vekk, seier Hjelle.