NRK Meny
Normal

Her sprenger dei bort ein heil holme

Høyrte du eksplosjonen i Florø torsdag kveld? Det var 23 tonn dynamitt i aksjon.

Perholmen går i lufta

SALVE: Slik høyres ein samtale mellom skytebasar ut når ein holme går i lufta. Film: Martin Ullaland

Det blir ein salig eksplosjon når det blir bora 2000 hol og putta 23 tonn dynamitt oppi. Det veit Trygve Ullaland alt om.

– Det var ein heil holme som vart sprengt, for å seie det slik, seier Ullaland.

Skal lage lagerplass til røyr

Han driv eit føretak som driv med sprengejobbar. På Perholmen utanfor Florø er dei leigd inn for å sprenge for ein entreprenør.

Der skal det bli lagerplass for røyr frå oljeindustrien på land.

– Ein jobb i ein litt anna skala enn vi er vande med, skriv Ullaland AS på si side på facebook.

Det har vore sprengt større ting under prosjektet, fortel Ullaland.

– Den eine holmen var 5-600.000 m³. Men dei har ikkje sprengt ein slik holme i eitt, slik som no, fortel han.

Her går perholmen opp i lufta

EKSPLOSJON: Du kunne sjå eksplosjonen frå lang avstand då Perholmen utanfor Florø gjekk i lufta. Der skal det leggast røyr i framtida.

Foto: Trygve Ullaland AS
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.