Hopp til innhold

Her spelar dei volleyball midt i elva

Sunnfjord Folkehøgskule kom ikkje til Stardalselva for å fiske. Onsdag hadde nokre av elevane på volleyballinja trening midt i den kalde elva i Våtedalen.

Volleyball3

I DET FRI: Elevane vart frakta ut på ein sandbanke i Stardalselva for å spele volleyball. (Foto: Eivind Kise)

– Det har aldri skjedd før, så dette kjem eg ikkje til å gløyme, seier Magne Hornnes. Han er volleyballærar på folkehøgskulen.

Hornnes har hatt ein draum om å gjennomføre stuntet lenge, og fekk sjansen då folkehøgskulen skulle på sin årlege tur til Briksdalsbreen. På veg tilbake vart utvalde elevar frakta i kano over til sandbanken. Då hadde allereie turistar stoppa opp for å betrakte det uvanlege synet.

– Sidan elva var så stor, var det spennande om sandbankane framleis ville vere der, seier Hornnes.

volleyball6

KANO: Friluftslærar Birger Fatland padla kano med elevar og utstyr over til sandbanken. (Foto: Eivind Kise)

Ville "tine opp" elevane

Elevane lurte fælt på kva dei skulle då dei sat i kanoen, og då dei kom fram fann dei raskt ut at volleyball på ein sandbanke krev andre omsyn enn vanleg sandvolleyball.

Det var litt fleire steinar enn vi hadde tenkt, og nokre elevar fekk i oppgåve å hente ballen om han hamna i vatnet. Det heldt sju-åtte grader, så dei var redde for at det skulle skje, seier Hornnes spøkefullt.

Er du nøgd?

– Vi er godt nøgde. Vi har nettopp starta året, og held på å "tine opp" det nye kullet.

Volleyball2

DUELL: Oscar Raftevoll og Otelie Tuft kjempar om ballen. Otelie måtte i løpet av turen uti det kalde vatnet for å hente ballen. (Foto: Eivind Kise)

Har utmerka seg før

Folkehøgskulen har ifølge Hornnes ein tradisjon for å finne på sportsaktivitetar utanom det vanlege. I 2014 arrangerte dei verdas lengste volleyballkamp, og om våren har dei gjørmevolleyball. Han er usikker på om dei kjem til å gjenta volleyballtreninga i Stardalselva.

– Det var jo meir eit slags show vi skulle ha i dag. Vi visste ikkje om vi fekk til dette her. Ideen var der, og så var det å teste ut og no har vi verkeleg gjort det, seier han.