NRK Meny
Normal

Her snublar gullvinnaren seg inn til mål

Merete Helgheim som representerer Gloppen Friidrettslag tok gull på 3000 meter i kappgang under NM i Sandnes i dag.

Gull i NM i kappgang

GULLVINNAR I KAPPGANG: Merete Helgheim gjekk for gull på 3000 meter under NM i Sandnes i dag.

Foto: Eigil Instebo

– Eg har hatt ei forkjøling som har vart veldig lenge og det har ikkje vore den beste oppladinga, seier Helgheim.

Ho er ikkje overraska over sigeren, men dette var ikkje hennar beste kappgang.

– Eg var favoritt ettersom eg har vunne same distansen fleire gongar og hadde best tid blant dei som gjekk. No gjekk eg inn på 14 blank, men har 13.39 frå før av.

Sjølv om ho er nøgd med resultatet, veit ho ikkje kor lenge ho kjem til å fortsetje med kappgang.

– Neste år er det stemne på Byrkjelo, eg får sjå om det blir siste året. Men eg tek det litt som det kjem, seier ho.

Gull i kappgang

GJEKK FOR GULL: Merete Helgheim gjekk inn til gull på 3000 meter i kappgang under NM i Sandnes.

Foto: Eigil Instebo

Var usikker på Helgheim

Dagleg leiar Narve Heggheim i Sogn og Fjordane friidrettskrins uttalte til NRK før i dag at han meinte fleire av utøvarane frå Sogn og Fjordane kunne kome heime med medaljar. Men han var usikker på om Merete Helgheim kunne spasere seg til gull i kappgang, slik ho gjorde i fjor.

– Ho har slite med forkjøling, og i tillegg har det kome sterke, yngre kappgjengarar som vil gi henne skjerpa konkurranse.

Heggheim hadde rett i at det vart fleire medaljar til utøvarane frå Sogn og Fjordane. Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-bronse på 100 meter og Trude Raad tok sølv i slegge.

Trude Raad

SØLV I SLEGGE: Trude Raad (Gloppen) tok sølv i slegge med 63,56 meter.

Foto: Eigil Instebo

Øyvind Strømmen Kjerpeset

BRONSE PÅ 100 METER: Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) tok NM-bronse med tida 10,71 i motvind på Sandnes stadion.

Foto: Eigil Instebo

SJÅ HEILE RESULTATLISTA HER: TimeTronics - AthleticsManager Results

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå