NRK Meny
Normal

Her smiler dei etter opninga - no kan oljeeventyret alt vere over

For eit år sidan opna olje- og energiminister Tord Lien Knarrfeltet med driftsorganisasjon og eit betydeleg tal arbeidsplassar i Florø. No kan eventyret vere over før det knapt har kome i gang.

Opning av Knarrfeltet

GODE TIDER: Dåverande ordførar Bengt Solheim-Olsen og dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes under opninga av Knarrfeltet i mai 2015. Olje- og energiminister Tord Lien var særs nøgd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er Kristiansund kommune som torsdag melder på sine heimesider at drifta av Knarrfeltet skal flyttast.

– Vi fekk eit tips om dette i dag, men førebels har vi ikkje fått det bekrefta av nokon, seier Stein Kvalsund i Maritim Forening Sogn og Fjordane, til NRK.

I mai i fjor blei Knarrfeltet opna med brask og bram av olje- og energiminister Tord Lien (Frp). Den gongen sa han følgjande til NRK.

– Det er den første plattforma som er drive av BG på norsk sokkel. Det er ein installasjon som vil skape store verdiar for Norge og ikkje minst varig sysselsetting her i Sogn og Fjordane, seier Olje- og energiminister Tord Lien (Frp), til NRK.

Kjøpt opp av oljegigant

Knarrfeltet er eit olje- og gassfelt i den nordlege delen av Nordsjøen, 120 kilometer vest for Florø. «Petrojarl Knarr» er eit plattformskip som har lagerkapasitet på 131.000 m³ og maksimal oljeproduksjon på 10.000 m³ per dag.

Norske Shell har kjøpt opp BG Group Norge, som står for drifta av Knarrfeltet. Det er i samband med dette oppkjøpet at driftsorganisasjonen skal flyttast til Kristiansund.

Lova mange arbeidsplassar

Meldinga frå Kristiansund kommune i dag står stikk i strid med det som blei lova frå BG Group og leiinga deira i fjor.

– Akkurat no har vi rundt 30 personar som sit her på kontora våre på basen. Dersom vi finn fleire ressursar på Knarr-feltet, kan vi sjå for oss ein forlenga periode med den bemanninga. Men i ein stabil driftsfase vil vi vere rundt 15 personar her på bygget vårt i Florø, sa Marianne Eide, feltutbyggingssjef for Knarrfeltet, til NRK i mai i fjor.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser