NRK Meny
Normal

I år slo dei fire år gamal besøksrekord

Cruisekaiene i Olden og Flåm har til saman hatt over 390.000 besøkande i år. – Sesongen har vore veldig fin.

MS Aurora i Olden

REKORD: Nordfjord hamn kan sjå tilbake på 2017 som eit rekordår for Olden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det seier Sølve Oldeide i Nordfjord hamn etter årets sesong. Om ein knapp månad set «Magellan» punktum for årets cruisesesong i Olden, når det seglar ut Nordfjorden.

Då har over 140.000 vitja Olden.

– Vi har aldri før hatt så mange turistar, seier Oldeide.

Prisdryss i Olden

Det er ikkje berre på besøksfronten at vesle Olden kan sjå tilbake på eit godt 2017. I år konkurrerte dei heilt til finalen om å bli årets cruisemål.

Dei innkasserte også ein pris for Baltikum og Skandinavia.

– Vi har eit veldig, veldig godt produkt og gjestane blir veldig, veldig godt mottekne. Det viser att i prisane vi har fått i Olden, seier Oldeide.

Må seie nei til skip

Hamnesjef Jon-Olav Stedje

SEIER NEI: Assisterande hamnesjef i Flåm, Jon-Olav Stedje, seier at dei må seie nei til eit titals cruiseskip.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I besøkstal må Olden likevel sjå seg slått av storebroren i Sogn. For første gang i historia passerte Flåm i Aurland 250.000 besøkande i år. Og i førre veke opplevde dei for første gang å få eit cruiseskip til kai i oktober.

Neste år er det meldt inn 153 cruiseskip, med kring 255.000 passasjerar. Pågangen er no så stor at dei innfører ei maksgrense på tre skip – og 5.000 passasjerar – om dagen.

Cruisebåtar i Flåm

REKORD: Flåm opplevde rekordbesøk i 2017. Biletet er frå eit tidlegare år.

Foto: Anders Fretheim

– Før 2018 har vi måtte rokere kring 40 skip. Av desse har 15 vald andre seglingsruter, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje.

Vil ha cruisefrie dagar

Avgrensinga imponerer ikkje Anders Fretheim, bonde og medlem av Aurland hamnestyre. Han har i fleire år teke til orde for cruisefrie dagar.

– Eg er for regulering, men tre skip om dagen er ikkje noko tak. Det er langt gjennom taket, seier han og legg til:

Anders Fretheim

KRITISK: Anders Fretheim har markert som ein kritikar av cruisetrafikken i Flåm.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi treng to-tre cruisefrie dagar for veka. Eitt skip om dagen er meir enn nok. ein annan ting er at båtane blir større og større. 5.000 passasjerar er eit stort skip. Skal vi ha to skip, så må dei vere ganske små for å ikkje komme over 5.000.

15 til Eid i 2019

På andre sida av Sognefjorden ventar Skjolden 15 cruiseanløp både i 2018 og 2019. Seawalken selde eigar Oddvar Røysi til ei gruppering på Nordfjordeid. For kort tid sidan var den klar til bruk hos det andre reisemålet i Nordfjord.

European Cruise Service opplyser at dei har notert 15 skip til Eid i 2019.

– Tanken er ikkje å ta halvparten av det som ligg i Olden, men å ta veksten som kjem framover og reduksjonen ved hamner som har for mange båtar, fortel John Olav Lefdal og håpar på 200–300 skip til Nordfjord dei neste fem-seks åra.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.