Hopp til innhold

Her sleper dei bussvraket ut

Onsdag ettermiddag var vraket av den utbrende turistbussen henta ut av Gudvangatunnelen.

Her blir vraket slept ut
Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det blir no svært viktig å finne ut kva som var årsaka til bussbrannen, og politiet er no i ferd med å gjere sine undersøkingar, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Onsdag var han og representantar frå blant anna politiet på synfaring i Gudvangantunellen, der ein svensk turistbuss tok til å brenne tysdag .

Startar undersøkingar

– No har vi fått dratt bussvraket ut av den farlege sonen i tunnelen, og til eit sikkert området, der dei første tekniske undersøkingane kan gjerast, seier Eidsnes.

Bussvraket blir etter kvart frakta til kontrollstasjonen på Håbakken, der også Statens havarikommisjon skal undersøke bussen.

Store skadar

Brannen i bussen har ført til store skadar på sjølve tunnelen. Det er allereie køyrt ut 30 kubikk med lausmassar frå tunnelen etter brannen, og tunnelen blir stengd i minst seks veker framover.

– Førsteinntrykket er som forventa etter ein stor brann som vi hadde i går, så er også skadane store, seier Eidsnes.

Fotograf: Halvor Farsund Storvik

Omfattande arbeid

– Det er eit omfattande arbeid som må gjerast før vi får full oversikt over skadane, blant anna må tunnelen vaskast slik at geologane kan sjå etter sprekkar i fjellet.

Eidsnes reknar med at undersøkingane kjem til å ta kring ei veke. Så kjem sjølve reparasjonsarbeidet, bolting av usikkert fjell og reparasjonar av det elektriske anlegget.

– Samanliknar vi med førre brann, så tok det seks veker den gongen, noko tilsvarande må vi nok rekne med også denne gongen, seier Eidsnes.

Helge Eidsnes, regionvegsjef i SV - brannsjef Reinhart Sørensen

PÅ SYNFARING: Regionvegsjef Helge Eidsnes t.v og brannsjef Reinhard Sørensen,

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Store konsekvensar for trafikken

Gudvangatunnelen ligg på E16, hovudsambandet mellom aust og vest. Når tunnelen blir stengd får det store konsekvensar, ikkje minst når det skjer i den travlaste turistsesongen.

– Vi gjer det vi kan for å minske konsekvensane. Når det gjeld aust – vest trafikken så blir det å køyre riksveg 7 Hardangervidda, eller E134 Haukeli. Når det gjeld nord – sør tilrår vi at ei nyttar Lavik–Oppedal. For dei som kjem frå Valdres, Filefjell så blir det riksveg 13 Vikafjellet.