Hopp til innhold

Her slår dei ned siste pålen til innfallsporten til Sogndal

Arbeidet med den etterlengta og nye Loftesnesbrui er godt i gong, men gamlebrua har gjort sitt for å gjere arbeidet vanskeleg.

Brua

DEN SISTE AV 28: På arbeidet med Loftesnesbrui er siste pålen på veg ned i fjordbotn.

Foto: Statens vegvesen

– Vi er i ferd med å avslutte arbeidet når det gjeld å slå påler ned i sjøen. Den siste pålen skal vi slå ned denne veka, men vi er truleg ikkje er ferdig før vi tek helg, seier prosjektleiar for bruprosjektet i Sogndal, Gunnar Solbakken.

Når alle 28 pålar er slått ned er grunnstrukturen som skal bere den nye og etterlengta Loftesnesbrui klar. Dei lengste pelane går rundt 70 meter under fjordbotn.

– Akkurat no er dei i gong med å slå ned siste påle og det må store krefter til for å få slått desse ned i botn, seier Solbakken.

Gamlebrua gjer det utfordrande

Undervegs i arbeidet har gamlebrua gjort sitt for å stikke kjeppar i hjula for arbeidet med den nye.

– På grunn av nærleiken til eksisterande bru, så måtte vi ta omsyn til gamlebrua heile vegen. Det har nok styrt framdrifta og alt rundt, seier Solbakken.

Gamlebrua står såpass nær at den nye brua ikkje kan fullførast før den gamle er riven.

– Hadde brua stått heilt for seg sjølv, så ville det vore enklare. Heilt klart, seier Solbakken.

Brua

UTFORDRANDE: Gamlebrua gjer det utfordrande for den nye.

Foto: Statens vegvesen

Vil truleg vere klar til neste år

Framover er det mykje betongarbeid ved Loftesnesbrui. Om litt over eit år skal trafikken kunne gå over den nye brua.

– Vi skal kunne køyre over brua 30. november i 2017. Heile prosjektet skal vere ferdig 30. juni i 2018. Då skal den gamle brua vere riven og sluttarbeidet gjennomført.

Solbakken kan melde om tolmodige trafikantar som har tatt omsyn.

– Det har stort sett gått veldig greitt. Dei gåande og syklande kjem seg gjennom anlegget, sjølv om det er med verre forhold enn tidlegare. Det gjer at vi har hatt ein fornuftig avvikling av trafikken, seier han.

Arbeidet med Loftesnesbrui er no sett i gang.