Hopp til innhold

– Vi slapp no i alle fall å vaske etter oss

– Det var ikkje noko problem å vaske buda etter oss, for å seie det slik, humrar Håvard Svoren om synet som møtte han i sjøhuset søndag ettermiddag.

Brørne Håvard og Erlend Svoren fekk ei oppleving utanom det vanlege då dei skulle på dykkartur i Deknepollen søndag.

SJÅ VIDEO: Trykket frå vinden pumpa sjøen inn i sjøhuset i Deknepollen. (FOTO/REDIGERING: HÅVARD SVOREN)

Brørne Håvard og Erlend Svoren fekk ei oppleving utanom det vanlege då dei skulle ut for å snorkle ved Deknepollen i Vågsøy.

Og det var ikkje under vassoverflata dei opplevde det, men i sjøhuset til onkelen Wictor. Med eit kvarters mellomrom steig og sank sjøvatnet 15-20 centimeter over golvet.

– Det var heilt underleg. Det virka som om vinden skubba sjøen opp på buda og fjæra. Så trekte vatnet seg attende, men så kom det eit nytt trykk og sjøen kom igjen, fortel Håvard.

Vart pumpa inn

Det har vore ein søndag med mykje vêr på Vestlandet. Spesielt på kysten har dei fått merka det med kraftig vind og høg vasstand. I dag var det venta 40-60 centimeter høgare vasstand enn det som var oppgitt i tidevasstabellen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Denne ørna fekk det alt anna enn lett i den kraftige vinden.

SJÅ VIDEO: Denne ørna i Vågsøy fekk det alt anna enn lett i den kraftige vinden søndag. (FOTO: NRK.no-tipsar)

Høg vasstand er ikkje noko ukjent fenomen for innbyggjarane langs kysten. Men det var måten sjøen vart «pumpa» inn i sjøhuset som fascinerte Håvard Svoren.

– Tidlegare har vasstanden ligge jamt. No låg den å pumpa. Det var nytt for meg, seier han.

Trengde ikkje vaske

Håvard Svoren

UNDERLEG: Håvard Svoren har aldri tidlegare opplevd

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var i 12-tida, då vasstanden var på det høgaste, at «pumpinga» tok til.

– Vi sat inne på buda og drakk kaffi medan vi tørka sko og slikt. Så kom vindtrykket og skubba vatnet inn att i buda. For å seie det slik, det var ikkje noko problem å vaske buda etter oss, humrar han.

– No har vasstanden trekt seg ned til fjære sjå, så det tørkar vel opp etterkvart, legg han til.

Vindfull dag

Meteorolog Steinar Skare ser ikkje vekk i frå at vinden har gjeve sjøen ei hjelpande hand med dei siste centimeterane inn i sjøbuda.

– Det har vore mykje vind langs kysten av Sogn og Fjordane i dag. Det har verkeleg stått på, så eg kan godt tenkje meg at kombinasjonen sjø, nedbør og vind har ført alt dette rett inn mot sjøhuset, seier Skare.

Orkan ved Kråkenes

Den kraftigaste middelvinden vart målt til 38 meter i sekundet ved Kråkenes fyr. Legg ein til 7,1 sekundmeter, så får ein også kraftigaste vindkast.

Ved Ytterøyane fyr har vinden vore oppe i liten storm, 22,9 meter i sekundet, med vindkast på 28,4 meter i sekundet.

– I ettermiddag har vinden minka ein del, men den vil ta seg opp att utover kvelden før det forhåpentlegvis roar seg. Ved midnatt skal det vere atskilleg mindre vind, men det er venta ein god del nedbør utover kvelden, seier Skare.

Meir nedbør i vente

Etter ei natt med bygeaktivitet, vil varm og luftig luft frå Karibia ta over etter lågtrykket frå Island.

– Frå i natt blir det roleg fram til kvelden i morgon, og då vil vinden auke på att frå sør til sterk kuling. Temperaturen vil stige og då kjem det ganske mykje nedbør. Frå måndag kveld til tysdag kveld kan det komme 80-110 millimeter nedbør, seier Skare.