Hopp til innhold

Her må han oppgitt sjå kongepokalen ryke

VOSS (NRK.no): Tre bom på andre skyting sende Johannes Thingnes Bø rett ut av kampen om den gjeve kongepokalen på fellesstarten i NM.

Johannes Thingnes Bø bomma på standplass

FULL SPREKK: Johannes Thingnes Bø er akkurat ferdig med den andre serien, og konstaterer at det vart tre bom.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sigeren glapp på andre ligg. Eg skjønte det med éin gong, og etter det slappa eg av i sporet. Eg fekk eg reine feriekjensla. No er eg klar for påskeferie, flirer Thingnes Bø.

– Men det er klart at det er kjipt å ikkje ta kongepokalen, etter at eg har vunne to renn før i NM, legg han til.

Laurdag enda han på sjetteplass på fellesstarten i NM. Han enda med totalt fem bom, og var 1.47 minutt bak Kristoffer Skjelvik frå Os i mål.

Kjenner seg sliten etter lang sesong

Johannes Thingnes Bø har hatt ein nesten utruleg sterk sesong. Fem verdscupsigrar er svært sterkt av ein 20-åring, og er noko som har vekt oppsikt i skiskyttarmiljøet.

Og med trioen Tarjei Bø, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen sett ut av spel med sjukdom, var det duka for meir edelt metall til stryningen.

Men den gong ei.

– Eg kjenner at eg er sliten no. Det har vore ein lang sesong. Eg har rett og slett lite kraft i stavtaka, seier Thingnes Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø i strafferunde

STRAFFERUNDE: Johannes Thingnes Bø måtte ut på totalt fem strefferundar under fellesstarten. Vinnaren Kristoffer Skjelvik greidde seg med berre éin.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skal lære av det som skjedde

No står berre NM-stafetten på søndag igjen før sesongen definitivt er over. Einaste nedturen var innsatsen i OL, der han sjølv meiner han kunne ha gjort det betre - ikkje minst med tanke på at formen var god både før og etter Sotsji.

– Eg vart nok litt lurt av høgden. Men det er noko eg skal lære av. Eg er framleis ung, seier Thingnes Bø.

Asbjørn Wold frå Vik gjekk inn til 14. plass på distansen. Med fire bom var han over tre minutt bak vinnaren. Ole Martin Erdal frå Førde gjekk inn til 17. plass.

– Eg hadde mål om topp ti-plasseringar i NM, og det greidde eg ikkje. Så eg er ikkje så nøgd med det, seier Wold.