Hopp til innhold

No er nykomlingen blitt fylkesdekkande

SANDANE (NRK): Miljøpartiet Dei Grøne med si første fylkessamling i Sogn og Fjordane.

Miljøpartiet samla på Sandane
Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Politisk sett er dette fylkeshistorie vi er med på her i dag. Det er grådig spennande. Vi har mykje flinke folk, seier fylkesleiar Stein Malkenes.

Den tidlegare leiaren i Norges Naturvernforbund har lokalt blitt ei markant røyst for den politiske nykomlingen. No startar for alvor arbeidet med å bygge eit fylkesdekkande partiapparat. Laurdag var MDG-arar frå store deler av Sogn og Fjordane på plass på partiet si første fylkessamling på Sandane.

– Det er heilt overveldande at det skulle komme så mange. Eg trur og håpar at det illustrerer det engasjementet som finst rundt om kring i kommunane våre, kommenterer Malkenes.

Har stabla 12 lokallag på beina

Om lag 20 personar hadde laurdag tatt turen til Gloppen Hotell på Sandane for å lære å bli MDG-politikarar.

Stein Malkenes

BYGGER ORGANISASJONEN: Fylkesleiar Stein Malkenes frå Florø seier partiet hans er i sterk vekst i fjordfylket.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Det er eit nytt politisk parti som for første gong møtast for å få si første skulering og møte kvarandre personleg. Vi skal utveksle idear, tankar og forventningar, forklarer fylkesleiaren.

MDG i Sogn og Fjordane i stor grad vore ei handfull engasjerte medlemmer. No ser Malkenes ein organisasjon som tar form.

– Ut av nesten ingenting for nokre få månader sidan, bygger vi no opp eit apparat. Vi har 12 lokallag vi har ni kommunelister pluss fylkestingslista. Det er eit kvantesprang. Det er veldig kjekt å vere med på dette. Å lage det frå starten av.

Mange utan politisk erfaring

Nokre av dei frammøtte på Sandane har erfaring frå andre parti. Mange er heilt ferske som politikarar.

– Det er ei lang rekkje folk som berre er engasjerte. Dei vil gjere ein innsats fordi dei ser at det som dei tradisjonelle paria held på med, både i fylket og i kommunane, går feil veg. Vi skal endre Norge. Vi skal ha eit grønare Norge og eit mykje betre samfunn å leve, misjonerer Malkenes.

«Vi skal vere ærlege på at vi ikkje er proffe politikarar, men vi skal vere ekspertar på klima og berekraft.»

Leif Johnsen, partilærar for Miljøpartiet Dei Grøne

(Artikkelen held fram under biletet.)

Miljøpartiet på skulebenken

MYKJE Å LÆRE: Mange av listekandidatane til Miljøpartiet har aldri stått på ei valliste.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

På skulebenken

For å lære opp uerfarne politikarar hadde Malkenes og fylkesstyret henta inn Leif Johnsen frå Hordaland MDG. Han er sjølv tidlegare Venstre-medlem.

– Dei må vite kva det vil seie å vere politikar, og politikar på vegner av dei grøne. Ein annleis politikartype. Det at dei ikkje har erfaring som politikarar kan vere ein god ressurs. Vi skal vere ærlege på at vi ikkje er proffe politikarar, men vi skal vere ekspertar på klima og berekraft og det grøne skiftet, seier Johnsen.

– I dag lærer ein om innhaldet i dei fine overskriftene, legg Malkenes til.

Leif Johnsen i MDG

KURSA KANDIDATANE: Leif Johnsen i Hordaland MDG fortalde kva det inneber å skulle vere politikar for Miljøpartiet.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Dermed vart det ein god dose realpolitikk på delegatane på Sandane. Om korleis det faktisk fungerer når eit fløyparti skal freiste å påverke. Korleis dei skal få andre parti med seg på eit vedtak i kommunestyret.

– Vi må kunne fortelje til veljarane. Formidle og kommunisere.

– Korleis skal ein gjere ein farge til konkret politikk som ein kan møte veljarane på stand med?

– Det er ikkje enkelt, men når vi med friske auge skal sjå på samfunnet og prøve å korrigere det og komme fram med vår politikk, så skal vi formidle alternativet, seier Malkenes.