Hopp til innhold

Her skreiv han filosofihistorie – no kjem dokumentaren

Den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein budde mykje på ei hytte i Skjolden. Dette skal til neste år bli dokumentarfilm.

Grunnmuren etter huset til Wittgenstein i Skjolden
Foto: Janneche Strønen

I førre veke fekk den bergenske filmskaparen Therese Jacobsen støtte frå Vestnorsk filmsenter til å utvikle filmideen om filosofen sitt forhold til Skjolden.

Filmkonsulent ved Vestnorsk filmsenter, Lars Skorpen, tykkjer at filmprosjektet verkar spanande.

– Wittgenstein er godt kjent i akademiske kretsar, men historia om Skjolden og kvifor han likte seg så godt der, er det kanskje ikkje alle veit, seier han.

Vil følgje fotsporet til Wittgenstein

Kvart år deler filmsenteret ut til saman nærare ni millionar kroner i produksjons- og utviklingsstøtte kvart år. Therese Jacobsen sin dokumentarfilm om Ludwig Wittgenstein er eitt av prosjekta som har fått støtte denne gongen.

Therese Jacobsen skal halde føredrag på Sogndal Filmfestival

NY FILM FRÅ LUSTER: Dokumentarfilmen om Wittgenstein vert regissør Therese Jacobsen sin andre dokumentarfilm frå Luster. Ho har tidlegare laga dokumentaren «Sanatoriet» om Harastølen og menneska som kjempar mot at bygget skal rivast.

Foto: Pressefoto

Ho fortel at det er forholdet filosofen hadde til Skjolden som vil stå i sentrum for dokumentaren.

– Vi vil prøve å følgje Wittgenstein sitt fotspor. Kvifor kom han dit, kven er Wittgenstein? Han er ein utruleg spanande, eksentrisk, underleg fyr som vi har lyst til å dykke litt djupare inn i, seier ho.

I 1921 gav Wittgenstein ut "Tractatus logigo filosoficus", som i dag er rekna som eitt av dei viktigaste verka i filosofien. Delar av denne boka skreiv han i hytta si i Skjolden.

Reportasje om Wittgenstein og Skjolden frå 1995

Håpar på premiere neste år

Jacobsen har også tidlegare laga film frå Luster og synest kommunen har ei svært spanande historie.

No er arbeidet med film nummer to allereie godt i gong. Jacobsen fortel at ho for tida jobbar med ein såkalla teaserfilm som etter planen skal ha premiere til hausten.

– Den skal vi byggje vidare på til ein timeslang dokumentar. Det er vanskeleg å seie når den blir klar, men 2016 er målet vårt, seier Jacobsen.