Trur ikkje på store endringar i arbeidsløysetala

Medan nabofylka slit med aukande arbeidsløyse, er arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane stabil. Arbeidsløysa er framleis lågast i landet.

Tore Thorsnes

STABILT: Direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, seier arbeidsløysetala held seg stabilt låge i Sogn og Fjordane.

Foto: NAV
Oddleif Løseth
Journalist

Ved utgangen av september er 1016 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 121 personar frå september i fjor.

Auken skuldast i stor grad at mange var på tiltak i september i fjor samanlikna med i år.

– Eg vurderer det som lite truleg at vi vil sjå store endringar fram til nyttår, men utover i 2016 kan enkeltbedrifter i fylket få redusert ordretilgang som gir konsekvensar for bemanninga, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

80 000 utan arbeid

Thorsnes vurderer auken i Sogn og Fjordane som minimal. Ser ein lenger sør langs kysten er situasjonen ein heilt annan.

I Rogaland er auken på heile 70 prosent. Hordaland og Møre og Romsdal har høvesvis 22 og 25 prosent fleire arbeidsledige. Nedgangen i oljeindustrien utgjer ein stor del.

På landsbasis auka arbeidsløysa med sju prosent frå september i fjor. Ved utgangen av september var 79 623 heilt arbeidsledige. Det utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken.

Sogn og Fjordane ligg heilt nedst på statistikken, med 1,8 prosent arbeidsledige.

Positivt for ungdom

Statistikken viser at arbeidsløysa har auka med 18 prosent blant menn og sju prosent blant kvinner. Skilnaden skuldast at auken har vore størst innan mannsdominerte yrke.

På den positive sida er utviklinga også positiv for unge under 30 år. Her er det blitt 15 færre ledige sidan same periode i fjor. I gruppa over 30 år, har arbeidsløysa auka med 25 prosent.

– At vi klarar å halde ungdom i arbeid eller utdanning er heilt avgjerande for ei positiv samfunnsutvikling, seier Thorsnes.

Nedgang i Årdal

Deler ein tala ned på kommunenivå, går arbeidsløysa ned i fem kommunar. Størst er reduksjonen i Årdal med 25 færre ledige. 1,4 prosent arbeidsledige er det lågaste sidan 2009.

Storkommunane Flora og Førde går derimot mest fram, med høvesvis 45 og 37 fleire ledige.

Leikanger, Gaular og Gloppen har alle under ein prosent arbeidsløyse. Aller lågast er Leikanger med 0,4 prosent. Størst er arbeidsløysa i Bremanger (3,3 prosent) og Flora (2,9 prosent). Kommunane er dei einaste i Sogn og Fjordane som ligg over landssnittet.

Oppgang i industrien

Det er 48 fleire ledige industriarbeidarar enn i september i fjor. Auken er størst blant platearbeidarar, sveisarar og operatørar innan oljeverksemd. Innan bygg og anlegg har arbeidsløysa auka med 30 personar og serviceyrke med 20 personar.

I september var det 66 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 28 fleire enn i same månad i fjor. 22 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, det er 5 fleire enn i fjor.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.