Hopp til innhold

Her skal ikkje sommarvarmen vere eit problem lenger

FØRDE (NRK): Manglande solskjerming og utlufting skal ikkje lenger prege kvardagen til pasientar og tilsette ved ungdomspsykiatrisk avdeling (UPH) i Førde.

Ungdomspsykiatrisk avdeling i Helse Førde

VARME: På varme dagar har manglande solskjerming og utlufting ført til dårleg inneklima for pasientar og tilsette ved ungdomspsykiatrisk i Førde, og Helse Førde er no i gang med eit prosjekt som skal betre dette.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Helse Førde er no i gang med eit prosjekt som skal betre det dårlege inneklimaet ved avdelinga.

Astrid Gytri

BETYR MYKJE: Astrid Gytri seier solskjerming vil få stor betydning for både pasientar og tilsette. – Det vil vere positivt på mange måtar og gunstig for den psykiske helsa, seier ho.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

På høg tid, meiner fylkessekretær i Landsforeininga for Pårørande innan Psykisk Helse (LPP), Astrid Gytri.

– Dette har vore eit problem sidan bygget vart teke i bruk. Det er sterkt beklageleg at Helse Førde ikkje har teke tak i dette tidlegare, seier ho.

– Dårlegare tilbod

Bygget fekk i 2009 heiderleg omtale for utforminga si i konkurransen om byggeskikkprisen , men innvending har ikkje bygget vore ideelt verken for tilsette, pasientar eller pårørande.

Gytri fortel at særskilt manglande solskjerming er problematisk i periodar med fint vêr, slik som tidleg i juni i år.

– Pasientar og pårørande klaga over at det var altfor varmt. Det var ikkje mogeleg å lufte på romma og mange vindauge i bygget kunne ikkje opnast. Det gir pasientane eit mykje dårlegare tilbod enn dei skulle hatt, seier ho.

Må prioritere

UPH-vegg missfarging nærbilde

MISFARGING: Inneklimaet er ikkje einaste problem ved UPH. Ein rapport slo i 2012 fast at ytterveggane i sibirsk lerk var ueigna og burde skiftast ut.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Direktør for Drift og Eigedom i Helse Førde, Kjell Inge Solhaug, skjønar at folk stussar over at ingenting er gjort med solskjerminga – før no.

Han seier at det er mange bygg som treng utbetring og vedgår at det då blir kamp om avgrensa midlar.

– Vi har 90 000 kvadratmeter, og dette er berre ein liten del av det Helse Førde har. Det går på mangel på midlar og korleis klare å prioritere undervegs, seier han.

Sopp, algar og ròteskade

Kjell Inge Solhaug

PRIORITERER: – Eg håpar og trur dei blir nøgde når dei får det, seier Kjell Inge Solhaug om solskjerminga som no skal på plass ved UPH i Førde.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Manglande solskjerming er ikkje det einaste problemet med bygget som vart ferdigstilt i 2004. I 2012 slo ein rapport fast at ytterveggane i sibirsk lerk hadde lokale ròteskadar, og at det grodde sopp og algar.

Konklusjonen var at den var ueigna og burde skiftast ut. Til no har Helse Førde utført naudsynt vedlikehald. No skal dei sjå på heile bygget.

– Ein kan med sjølvsyn sjå at det ikkje er noko kritisk for bygget, men eg føler det mest prekære går på å skjerme dei inne mot varme, seier han.

Går ikkje utover drifta

UPH-bygget skade på treverk nærbilde.

SKADE: I tillegg til sopp og algar har ytterveggane fått ròteskade.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Gytri tykkjer det er bra at Helse Førde no ordnar opp i manglane ved bygget og trur dette vil vere gunstig for den psykiske helsa. Samstundes fryktar ho at oppussinga betyr nedskjeringar i sjølve drifta.

Dette avviser direktør Solhaug.

– Dette er prioritering av vedlikehaldsmidlar som ein har, og som ein skal bruke på heile porteføljen vår på, seier han.