Hopp til innhold

Denne rektoren gir elevane leksefri

Slitne barn etter lange skuledagar skal sleppe å få lekser på fritida.

Marianne Nødset

SPENT: Rektor ved Florø barneskole Marianne Nødset.

Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

– Det ser dei veldig fram til, smiler rektor ved Florø barneskole Marianne Nødset.

Flora barneskole skal prøve ut leksefri skule. Ifylgje Firdaposten gjorde elevrådet fyrst vedtak i saka.

Nødset trur det skal bli godt å sleppe leksene.

– Vi veit at i mange familiar er det med lekser travelt. Barna kjem heim slitne etter ein lang dag på skulen, så skal dei jammen i gang igjen med endå meir leksearbeid.

Vekte debatt blant lærarane

Forsøket skal skje frå 14. januar til 8. februar, i same perioden skal skulen jobbe ekstra med lesing, for leseleksa skal borna framleis ha.

Marianne Nødset seier det vart debatt blant lærarane då elevane kom med forslaget.

– Det er eit brot på tradisjonen i skulen å ikkje ha lekser. Vi er delt i synet vårt.

Florø barneskole

VIL PRØVE: Florø barneskole skal teste ut leksefri skule.

Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

Ifylgje Nødset er lærarane frå 1. til 4. trinn mest bekymra.

– Dei ser at den fyrste lese- og skriveopplæringa er kjempeviktig, og at elevane treng å øve heime også. Men vi bestemte oss for å prøve.

Det finst ikkje ei samla oversikt over kor mange skular i Noreg som gir elevane leksefri, i fylgje Utdanningsdirektoratet.

Det er opp til den enkelte skule om dei vil gi elevane lekser, ingen lov påbyr elevane heimearbeid.

Trur heildagsskule kan bli vanleg

Også i Vågsøy kommune har det vore debatt om leksefri skule.

Men ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) seier forslaget stoppa opp fordi det var lite stemning blant foreldre og lærarar.

Maurstad som sjølv er lærar, og har vore i Arbeidarpartiet sitt kunnskapsutval, trur likevel at leksefri skule kan bli framtida.

– Berre det å slutte med lekser isolert sett trur eg ikkje er nokon veg å gå. Ein må sjå det i ein større samanheng med korleis ein organiserer skulekvardagen.

Kristin

TRUR PÅ HEILDAGSSKULE: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

Maurstad viser til at både Ap og andre parti jobbar med heildagsskule.

– Eg trur kanskje vegen å gå er ein heildagsskule der ein har plass til både fritidsaktivitetar og leksehjelp i skuletida, men med noko lenger skuledag, der ein også legg inn skulefritidsordninga.

– Gler meg til å sjå korleis dette fungerer

I Florø er rektor Marianne Nødset spent. Florø barneskole har bestemt at den 8. februar går dei tilbake til vanlege lekser uansett.

Så vil tida vise kva som skjer om forsøket blir vellukka.

– Eg gler meg til å sjå korleis det her fungerer, seier ho.