Hopp til innhold

Om seks veker skal eitt par tusen springe i mål her

Allereie i 900 meters høgde måtte Nils Jørgen Omberg ta på seg trugene då han i dag skulle til Skålatårnet. Om seks veker skal det vere motbakkeløp her.

Skålatårnet 2. juli 2015

SNØ: I fjor fullførte nær 2 000 deltakarar Skåla Opp. Til no er 1.295 personar påmelde til motbakkeløpet 14. august. Slik såg det ut i målområdet torsdag 2. juli.

Foto: Nils Jørgen Omberg

Med seks veker att til motbakkeløpet Skåla Opp, ligg store delar av den 8 200 meter lange traseen under metervis med snø.

– Eg har høyrt folk som seier at dei ikkje har sett så store snømengd i fjellet på 50 år, seier Erik Brendefur, leiar i Loen Active, til fjordingen.no.

Kan bli snø mot mål

Skåla 2. juli 2015

900 meter: Folk som skal på Skåla i dag blir oppmoda om å

Foto: Nils Jørgen Omberg

At det er mykje snø kan Nils Jørgen Omberg skrive under på. I dag tidleg la han ut mot det velkjende Skålatårnet, 1 848 meter over havet. Frå 900 meter måtte han ty til truger.

– Då går du inn i eit snøparti, og det er snø heilt opp. Det ligg opp i fire-fem meter på det djupaste, seier han til NRK.

– Med så mykje snø i traseen, kan det få følgje for arrangementet 14. august?

– Nei, det fryktar vi ikkje i det heile. Det er seks veker att til løpet, det er veldig varmt og no er det allereie ein god del snøsmelting. Men det kan kanskje bli litt snø å springe på mot toppen.

Mykje ekstraarbeid

Egil Arne Seljeset og Sølve Kiviranta speidar utover Nordfjor på toppen av Gulekoppen

BLIR LØP: Egil Arne Seljeset og Sølve Kiviranta speidar utover naturen der «Norges Tøffaste Fjelløp»

Foto: Arrangør

NRK har også tidlegare omtala dei store snømengdene som gir arrangørar av motbakkeløp og fjelløp store utfordringar. Mellom anna er Storehesten Opp utsett frå 26. juni til 22. august.

Også arrangørane av Hornindal Rundt har sett seg nøydde til å utføre tiltak før løpet laurdag. Mellom anna er det enkelte stadar sett opp fleire titals meter med tau som sikring.

– Tidlegare måte å merke på, med kvite prikkar, har måtte vike for stikker som ein plantar i snøen. Dette lagar sjølvsagt meirarbeid for alle frivillige som brukar timevis på å lage klart til Hornindal Rundt, seier Svein Otto Espe.