Hopp til innhold

Her skal dei første asylsøkjarane i Høyanger bu

Dei første av totalt 150 asylsøkjarar er no på plass i Høyanger. Ordføraren meiner kommunen er så godt rusta som det let seg gjere.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, framfor eit av husa som snar skal vere klart for asylsøkjarar.

MOTTAK: I dette huset skal nokre av asylsøkjarane som kjem til Høyanger bu. Ordførar Petter Sortland, seier kommunen er godt rusta til å ta dei i mot.

Foto: Bård Siem

– Det har kome ein familie frå Somalia og ein frå Afghanistan, og torsdag kjem det ein familie frå Marokko, fortel ordførar i kommunen, Petter Sortland.

Totalt er det venta opp mot 150 asylantar til den vesle industrikommunen. Då planane vart lagt fram tidlegare i år var, han særs skeptisk. Spesielt var han uroa over at mottaket skulle etablerast raskt og utan at kommunen fekk kome med innspel. No trur han kommunen er godt rusta.

– Det blir truleg ein mjuk start i Høyanger, og vi får først og fremst familiar. Eg tippar det har kome mellom 20 og 30 personar innan jul. Tilbodet innan skule og helse er på plass, og det er gjort ein fantastisk jobb. Vi er så klare som vi kan vere for å ta i mot nye asylsøkjarar, fortel Sortland.

Allereie utfordrande for kommunen

Han legg likevel ikkje skjul på at ein allereie har støtt på utfordringar, berre nokre få dagar etter at dei første familiane kom til kommunen. Dei får berre to dagars varsel før dei må vere klare til å ta i mot fleire folk.

– Den første eleven starta på Kyrkjebø skule tysdag. Han snakkar persisk, og det har vi ingen som kan, så vi må improvisere litt, men det går bra, understrekar ordføraren.