Hopp til innhold

Her sjekkar du skredfaren på nett

Over tjue personar har mista livet i snøskred dei to siste vintrane. No er nettsida varsom.no oppretta i eit håp om å få ned dødstala. Og du kan hjelpe.

Snøskred

VARSEL: Ei ny netteneste kan gi viktig informasjon om snøskredfaren dersom du skal ut i fjellet eller på vegane.

Foto: ARC / REUTERS

Den nye nettsida varsom.no såg sin første vyrkedag i dag. Her kan publikum fleire stadar i landet sjekke og vere med på å varsle skredfaren.

Snøskredvarslinga er eit samarbeid mellom NVE, Meteorologisk institutt, Statens vegvesen, Jernbaneverket og NGI.

– Dette er framleis på utprøvingsstadiet, og det viktigaste for oss er å få tilbakemelding frå publikum, seier seksjonsleiar ved NVE i Sogn og Fjordane, Brigt Samdal.

Tilbakemelding

To gonger i veka gir nettsida snøskredvarsel frå 23 regionale testområde i Sør-Norge og Troms. Frå neste år reknar Samdal at nettsida er oppe med varsel for heile landet.

Han presiserer at sida ikkje er ferdigutvikla, og at bruk av sida er på eige ansvar. Samdal vonar difor at publikum klikkar seg inn, testar ut sida og gir tilbakemelding. Brukarane kan også medverke med eigne observasjonar om snøskred, fareteikn og anna.

Det viktigaste er å få tilbakemelding frå publikum. Korleis er utforminga? Er den for detaljert? Er det faktorar som manglar, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Slik skal dei laga eit sikkert skredvarslingssystem

SJÅ TV-SAK: Slik skal dei lage eit sikkert skredvarslingssystem.

Veg og fjell

På nettsidene finn ein også varsel for flaum, vassføringsprognoser og iskart og ismeldingar.

Føremålet med sida er å teste ut nye system, og metodar, for å samle varslinga av naturfarar på ein stad.

Samdal presiserer at nettsida ikkje gir noko fasit på snøskredfaren, men meir kan nyttast som eit hjelpemiddel.

– Ein ynskjer å nå ut til folk som brukar fjellet, uansett kva friluftsliv ein praktiserer. Statens vegvesen er også med på dette og kan nytte det som verkty for å stengje eller opne vegar, seier Samdal.

Video Brettkøyrarar overlevde snøskred

SJÅ TV-SAK: Brettkøyrarar overlevde snøskred.